YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 8

8
1Men Gud kom i hug Noah og alle villdyra og alle husdyra som var med han i arka. Og Gud lét ein vind blåsa over jorda, og vatnet tok til å siga. 2Kjeldene i havdjupet og lukene på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga. #7,11 3Etter kvart drog vatnet seg attende frå jorda. Då hundre og femti dagar var lidne, hadde det minka.
4Den syttande dagen i den sjuande månaden tok arka grunn på Ararat-fjella. #8,4 Araratfjella fjellstrok i Armenia. Sml. 2 Kong 19,37. 5Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltoppane seg.
6Då førti dagar var lidne, opna Noah den luka han hadde laga på arka, 7og sleppte ut ein ramn. Han flaug att og fram til dess vatnet hadde turka bort frå jorda. 8Så sende Noah ut ei due; han ville sjå om vatnet hadde sige unna frå marka. 9Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og kom attende til han i arka; for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka. 10Han venta sju dagar til og sende så dua ut att or arka. 11Då det leid til kvelds, kom dua til han med eit grønt oljeblad i nebben. Då skjøna Noah at vatnet hadde sige bort frå jorda. 12Men han venta endå sju dagar. Så sleppte han ut dua, og då kom ho ikkje att meir.
13I det året Noah fylte 601 år, den fyrste dagen i den fyrste månaden, hadde vatnet turka bort frå jorda. No tok Noah taket av arka, og då han såg utover, var jorda turr. 14Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var ho heilt turr.
15Då sa Gud til Noah: 16«Gå ut or arka, du og kona di og sønene og sonekonene dine med deg! 17Ta med deg alle dyra som er hjå deg, alt som lever, både fugl og fe og alt krypet som krælar på jorda! Dei skal yrja på jorda og alast og aukast.» #1,22.28 18Så gjekk Noah ut, og sønene hans og kona og sonekonene hans saman med han. 19Og alle villdyr og husdyr og fuglar og alt krypet som krælar på jorda, det eine slaget etter det andre, gjekk ut or arka.
20Noah bygde eit altar for Herren og tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret. #12,8; 13,4.18; 26,25; 1 Sam 7,17; 14,35 21Då Herren kjende den gode angen, tenkte han med seg: «Aldri meir vil eg forbanna jorda for menneska skuld; for menneskehjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, som eg no har gjort.#8,21 den gode angen Sml. det vanlege ordlaget i offerlovene: «til godange for Herren». 2 Mos 29,18; 3 Mos 1,9.#6,5; 9,11
22Så lenge jorda står,
skal sånad og skurd, ¬kulde og hete,
sommar og vinter, dag og natt
aldri ta slutt.»

Currently Selected:

1. Mosebok 8: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in