Forkynnaren 1
1
Alt er fåfengd
1Ord av Forkynnaren, son til David, konge i Jerusalem. #1,1 Forkynnaren (før omsett Preikaren) Grunnteksten har eit ord som tyder «ein som talar til møtelyden». #1,1 konge i Jerusalem Det er tenkt på den vise kong Salomo.
2Berre fåfengd, seier Forkynnaren,
berre ideleg fåfengd! #Sal 39,6+; Fork 12,8
3Kva vinning har mennesket av alt sitt strev,
som det møder seg med under sola? #2,22; 3,9
4Ætter går, og ætter kjem,
men jorda står alltid ved lag.
5Sola renn, og sola glader,
så skundar ho seg attende
til staden der ho går opp.
6Vinden blæs mot sør,
så snur han mot nord;
støtt snur og skifter han
og tek atter til på same rundgang.
7Alle elvar renn ut i havet,
men havet vert ikkje fullt;
dit elvane før har runne,
held dei fram med å renna.
8Mannen trøytnar av å tala
og får ikkje sagt det han vil.
Auga vert ikkje mett av å sjå,
og øyra får aldri nok av å høyra. #Ordt 27,20
9Det som var, skal alltid vera,
og det som hende, skal atter henda.
Det finst ingenting nytt under sola. #3,15
10Vert det sagt om eitkvart: «Sjå, dette er nytt»,
har det likevel funnest før,
alt ifrå eldgamal tid.
11Ingen tenkjer på ætter som var;
og ætter som ein gong kjem,
vil heller ikkje leva i minnet
hjå dei som sidan fylgjer. #2,16
Forkynnaren vil granska livet
12Eg, Forkynnaren, var konge
over Israel, i Jerusalem.
13Eg sette meg føre å granska
og ransaka med visdom
alt det som hender under himmelen.
Det er eit plagsamt strev
Gud har gjeve menneska. #3,10
14Eg såg på alt det som hender,
og det som vert gjort under sola.
Sjå, alt er fåfengd og jag etter vind. #2,11
15Det som er kroket, kan ikkje beinkast,
og det som vantar, kan ikkje teljast. #7,13
16Eg tenkte med meg:
Sjå, eg har fått større og rikare visdom
enn alle dei som har styrt
i Jerusalem før meg.
Mykje har eg røynt av visdom og kunnskap. #1 Kong 3,12
17Eg la vinn på å læra visdom å kjenna,
å få kjennskap til vitløyse og dårskap.
Men eg fann at det òg er jag etter vind. #2,12
18For med stor visdom fylgjer mange suter.
Den som aukar sin kunnskap, aukar si kvide.
Currently Selected:
Forkynnaren 1: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2