Ordtaka 31
31
Kong Lemuels ord
1Ord av Lemuel, konge i Massa, ord som mor hans hadde prenta inn i han.
# 31,1 Massa [30,1.]
2Kva skal eg seia deg, min kjære son,
du son som eg fekk – eit svar på bøn?
3Gjev ikkje di kraft til kvinner,
ditt liv til dei som tyner kongar. #5 Mos 17,17; 1 Kong 11,4
4Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel,
det sømer seg ikkje for kongar å drikka vin
eller for fyrstar å nyta rusdrikk. #20,1; Fork 10,16f
5For då gløymer dei lov og vedtekt
og rengjer retten for kvar arming. #Jes 5,22f; 28,7
6Gjev heller rusdrikk til den
som held på å gå til grunne,
og vin til den som er sorgtyngd.
7Lat han drikka, så han gløymer si armod
og ikkje minnest si møde meir.
8Lat opp din munn for den som er mållaus,
tal saka for dei som held på å gå til grunne. #31,8 mållaus den som ikkje sjølv kan tala si sak.
9Lat opp din munn og døm rettferdig,
hjelp armingar og fattigfolk til deira rett!
Den gode kona
10Den gode kona, kven finn vel henne?
Meir er ho verd enn perler. #3,15; 18,22
11Mannen set all si lit til henne,
og det skortar ikkje på vinning.
12Ho gjer berre godt imot han,
og inkje vondt, så lenge ho lever.
13Ho syter for ull og lin,
hennar hender arbeider med liv og lyst.
14Ho er som ein kjøpmanns skip,
langt bortanfrå hentar ho mat.
15Før det ljosnar av dag, er ho oppe,
gjev huslyden mat, set jentene i arbeid.
16Vil ho ha ein åker, får ho tak i han;
ho plantar ein vingard for det ho har tent.
17Styrke er beltet ho har om livet,
i armane legg ho kraft.
18Ho merkar at arbeidet lukkast,
hennar lampe sloknar ikkje om natta.
19Ho legg hendene på rokken,
og fingrane grip om teinen.
20Ho opnar handa for dei som lid naud,
retter armane ut til fattigfolk.
21Kjem det snø, er ho ikkje redd for huset,
for heile hennar hus er dobbelt kledt.
22Teppe lagar ho sjølv,
ho har klede av lin og purpurfarga ull.
23Hennar mann er kjend der folket samlast,
han sit i lag med dei eldste i landet.
24Ho lagar skjorter som ho sel,
og sender belte til kjøpmannen.
25Kraft og vørdnad er hennar klednad,
og ho ler mot komande dagar.
26Ho talar klokt når ho opnar munnen,
og venleg rettleiing har ho på tunga.
27Ho ser etter korleis det går i huset,
og et ikkje brød ho har vunne i latskap.
28Hennar søner stig fram og prisar henne sæl,
og mannen gjev henne ros:
29«Det finst mange dugande kvinner,
men du går over dei alle.»
30Ynde sviktar, og venleik forgår,
ei kvinne som har age for Herren, skal prisast.
31Lat henne nyta frukta av sitt arbeid;
der menneske møtest,
får ho ros for sine gjerningar.
Currently Selected:
Ordtaka 31: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fen.png&w=128&q=75)
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2