Ordtaka 30
30
Agurs visdomsord
1Ord av Agur,
son til Jake frå Massa.
Så lyder ordet åt mannen:
Gud, eg er trøytt,
Gud, eg er trøytt og utmødd. #30,1 Massa truleg nordarabisk grein av Ismael-ætta. Sml. 1 Mos 25,14. Teksten i v. 1 er uklår.
2Eg er for dum til å vera ein mann,
eg har ikkje vit som eit menneske.
3Visdom har eg ikkje lært,
eg har ikkje kunnskap om Den Heilage.
4Kven har stige opp til himmelen
og er komen ned att?
Kven har samla vinden i si hole hand
og bunde vatnet i eit klede?
Kven har fastsett alle grensene for jorda?
Kva heiter han, og kva heiter son hans?
Det veit vel du? #Job 38,1ff; Jes 40,12
5Kvart ord frå Gud er reint.
Han er eit vern for dei som flyr til han. #Sal 12,7+
6Legg ikkje noko til hans ord,
elles refser han deg,
og du står der som lygnar. #5 Mos 4,2; 12,32
7To ting vil eg be deg om,
dei må du ikkje nekta meg før eg døyr:
8Hald lygn og fals langt borte frå meg,
og gjev meg korkje armod eller rikdom,
men lat meg få den mat eg treng! #Sal 119,29
9Elles kunne eg verta så mett
at eg fornekta deg og spurde: «Kven er Herren?»
eller verta så fattig at eg stal
og forbanna namnet åt min Gud. #5 Mos 32,15
10Baktal ikkje ein træl for hans herre;
elles vil han forbanna deg,
og du må bøta for di synd.
11Det finst folk som forbannar far sin
og ikkje velsignar mor si, #2 Mos 21,17
12folk som er reine i eigne augo,
men ikkje har vaska ureinskapen av seg,
13folk som er stolte i blikket
– å, kor dei lyfter sine augnebryn! –
14folk som har sverd til tenner
og knivar i kjakane,
så dei et armingar ut or landet
og fattige ut or folket.
15Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev».
Det finst tre som ikkje vert mette,
og fire som aldri får nok:
16dødsrike og barnlaust morsliv,
jorda som alltid tyrstar etter vatn,
og elden som aldri seier: «Det er nok.» #27,20
17Den som ser spottande på far sin
og ikkje vil lyda mor si,
på han skal ramnane ved bekken hakka ut augo,
og ørnungar skal eta dei opp.
# 30,17 ved bekken der han vart liggjande, ikkje gravlagd. Dette var ei stor vanære. Sml. 1 Sam 17,44; 1 Kong 14,11; Jer 16,4. #20,20+
18Det er tre ting som er for underfulle for meg,
og fire som eg ikkje skjønar:
19ørns flòg over himmelen,
orms veg over berget,
skips veg på havet
og manns veg til ei ung kvinne.
20Så ber ei trulaus kvinne seg åt:
Ho et og turkar seg om munnen
og seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»
21Tre ting får jorda til å skjelva,
og fire kan ho ikkje tola:
22trælen når han vert konge,
og dåren når han får eta seg mett, #19,10
23attergløyma når ho vert gift,
og trælkvinna når ho trengjer matmor si unna.
24Det finst fire som er små på jorda,
og likevel er dei klokast av dei kloke:
25Mauren er ikkje noko sterkt folk,
men om sommaren finn han seg føde. #6,6–8; 10,5
26Fjellgrevlingen er eit folk utan styrke,
og endå byggjer han seg bustad i berget.
27Grashoppene har ingen konge,
men alle dreg dei ut, flokk etter flokk.
28Firfisla kan ein ta med hendene,
og endå er ho i kongens slott.
29Det finst tre som går med stolte steg,
og fire som har ei fager gonge:
30løva, kjempa mellom dyra,
som ikkje vik for nokon,
31hanen som går og bretter seg,
bukken fyrst i flokken
og kongen i brodden for sitt folk.
32Har du vore dum og hovmodig,
så tenk deg om og legg handa på munnen! #Job 39,37; Mi 7,16
33For trykk på mjølk gjev smør,
trykk på nase gjev blod,
og trykk på vreide valdar strid.
Currently Selected:
Ordtaka 30: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fen.png&w=128&q=75)
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2