YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 29

29
Rettferdig styre
1Ein mann som får refsing og endå er stridlyndt,
han vert brått knust og kan ikkje lækjast.
2Når rettferdige får makta, fegnast folket,
når ein niding styrer, sukkar folket. #11,10; 28,12.28
3Den som elskar visdom, gleder far sin,
den som held lag med skjøkjer, øyder si eige. #10,1+; Luk 15,13.30
4Ein konge tryggjer sitt land med rett,
den som syg det ut, legg det i øyde. #14,34
5Ein mann som smeikjer for nesten sin,
set eit garn for føtene hans. #11,9
6Ein vond manns synder er ei felle for han,
men den rettferdige kan fegnast og gleda seg. #12,13
7Den rettferdige veit å hjelpa småkårsfolk i retten,
men den gudlause har ikkje vit på noko. #28,5
8Spottarar øser opp heile byen,
men vismenn får vreiden til å stilna.
9Når ein vis mann har sak med ein dåre,
vert det bråk og lått og inga ro.
10Dei blodtyrste hatar ein heidersmann,
men dei ærlege tek seg av han.
11Ein dåre gjev luft for alt sitt sinne,
men ein vismann held det att. #12,16
12Ein hovding som høyrer på lygn,
får berre skarvar til tenarar.
13Fattigmann og valdsmann møtest,
Herren gjev begge augneljos. #29,13 gjev begge augneljos gjev dei livskraft. Sml. Sal 13,4. #22,2
14Når ein konge dømer dei fattige rettferdig,
står hans kongsstol støtt for alltid. #16,12; 20,28
15Ris og refsing gjev visdom,
men ein gut som får gjera som han vil,
fører skam over mor si.
16Får nidingar makta, aukar synda,
men når dei fell, vert dei rettvise glade.
17Tukta son din, så gjev han deg ro
og gjer deg glad i hugen. #19,18
18Utan openberring fer folket vilt,
lukkeleg er den som held lova.
19Ein træl lèt seg ikkje tukta med ord,
han skjønar dei nok, men lyder dei ikkje.
20Ser du ein mann som er snar når han talar
– det er større von for dåren enn for han. #26,12; Fork 5,1
21Når ein skjemmer bort trælen frå ungdomen av,
vert han strid og ulydig til sist.
22Snarsint mann valdar strid og trette,
den brålyndte gjer mykje vondt. #14,29+
23Hovmod fører menneske til fall,
men den audmjuke vinn ære. #Matt 23,12
24Den som deler med tjuvar, hatar sitt liv,
han høyrer forbanninga, men seier ikkje frå. #3 Mos 5,1
25Den som reddast menneske, set feller for seg sjølv,
men den som lit på Herren, er trygg. #Sal 2,12+; Ordt 16,20
26Mange vil vinna velvilje hjå ein hovding,
men frå Herren får mannen sin rett.
27Dei rettvise styggjest ved den som gjer urett,
ein styggedom for dei gudlause
er den som lever rett.

Currently Selected:

Ordtaka 29: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in