Forkynnaren 2
2
Kva skal glede og rikdom tena til?
1Eg tenkte med meg:
No vil eg prøva gleda
og nyta det som er godt!
Men det òg var fåfengd.
2Om låtten sa eg: «Han er vitlaus»,
og om gleda: «Kva skal ho tena til?» #Ordt 14,13
3Då fekk eg den tanken
at eg skulle kveikja meg med vin,
men la vitet styra meg med visdom.
Eg ville halda meg til dårskapen
til eg fekk sjå kva som er best
for menneska under himmelen
den korte tida livet varer.
4Så sette eg store ting i verk:
Eg bygde hus og planta vingardar, #1 Kong 7,1–12; 1 Krøn 27,27
5stelte til hagar og parkar
og sette alle slag frukttre i dei.
6Eg bygde dammar til å vatna
ein skog med tre som voks opp.
7Eg kjøpte trælar og trælkvinner,
og andre trælar var fødde i mitt hus.
Storfe og småfe fekk eg meg òg,
i større mengd enn alle dei
som levde i Jerusalem før meg.
8Sølv og gull samla eg meg òg,
og rikdom frå andre kongar og land.
Eg fekk meg songarar og songarinner
og det som er ein hugnad for menn,
kvinner og atter kvinner. #1 Kong 10,14.27
9Eg vart stor, ja, større enn alle dei
som levde i Jerusalem før meg.
Men visdomen min heldt eg fast ved. #1 Kong 10,23
10Alt det augo ynskte,
lét eg dei få;
eg nekta meg inga glede.
Hjarta gledde seg over alt mitt strev,
og det var løna for all mi møde.
11Men så gav eg meg til å tenkja over
alt det eg hadde gjort med mine hender,
det eg hadde streva og slite med.
Sjå, alt var fåfengd og jag etter vind.
Det er ingenting å vinna under sola. #1,2.14
Visdom og dårskap
12Eg gav meg òg til å tenkja over
visdom, vitløyse og dårskap.
Kva skal vel kongens ettermann gjera?
Det same som andre har gjort for lenge sidan.
13Eg såg at visdom er betre enn dårskap,
liksom ljoset er betre enn mørkret.
14Den vise har augo i hausen,
medan dåren ferdast i mørker.
Men eg skjøna òg
at same lagnaden møter dei begge. #Ordt 17,24
15Då tenkte eg med meg:
Som det går dåren, så går det meg òg.
Kva skal all min visdom tena til?
Eg tenkte med meg:
Det òg er fåfengd. #6,8
16For minnet om den vise
lever ikkje lenger enn minnet om dåren.
I dagar som kjem,
er alt for lenge sidan gløymt.
Ja, den vise må døy, han liksom dåren. #Sal 49,11
17Då vart eg lei av livet,
for eg lika ille det som hender under sola.
Alt er fåfengd og jag etter vind.
18Eg vart lei av alt mitt strev,
alt slitet eg har hatt under sola.
For alt må eg lata over
til den som kjem etter meg. #Sal 39,7
19Kven veit om det vert ein vis eller ein dåre
som skal rå over det eg har vunne
med mitt strev og min visdom under sola?
Det òg er fåfengd.
20Då vart eg reint motlaus
for alt det strev eg har hatt under sola.
21For det hender at eit menneske strevar
med visdom, kunnskap og dugleik
og må gje det i arv til ein annan
som ikkje har hatt noko bry med det.
Det òg er fåfengd, ei stor ulukke.
22Kva har då mennesket att
for alt sitt slit og strev
som han har plaga seg med under sola? #1,3
23Alle hans dagar er fulle av pinsle,
og alt det han driv med, valdar sorg.
Ikkje eingong om natta
får hjarta hans kvila.
Det òg er fåfengd. #Job 7,1; 14,1
Alt er ei gåve frå Gud
24Det beste eit menneske kan gjera,
er å eta og drikka
og unna seg gode dagar
midt i alt sitt strev.
Men eg fekk sjå at det òg
kjem frå Guds hand. #3,12f.22; 5,17f; 8,15; 9,7f
25For kven kan utan han
eta og vera glad?
26Ja, Gud gjev visdom
og kunnskap og glede
til dei menneske han synest om.
Men syndarar gjev han strevet
med å samla og sanka,
og sidan må dei gje det alt
til dei som Gud synest om.
Det òg er fåfengd og jag etter vind. #Ordt 13,22; 28,8
Currently Selected:
Forkynnaren 2: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2