YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 8

8
Innsamlinga til kyrkjelyden i Jerusalem
(Kap. 8–9)
Kyrkjelydane i Makedonia, eit førebilete
1No skal de få høyra, brør, om den nåde Gud har synt kyrkjelydane i Makedonia.#Rom 15,25ff+ 2Dei har vore hardt prøvde, men den overstrøymande gleda deira og den djupe fattigdomen har gjort dei rike og viljuge til å gje. 3For dei gav etter evne, det kan eg vitna, ja, over evne, og det friviljug. #9,7 4Dei bad inderleg om lov til å få vera saman med oss i denne tenesta for dei heilage. 5Og dei gav ikkje berre så som vi vona, men dei gav seg sjølve, fyrst til Herren og så til oss, som Gud vil det. 6Difor bad vi Titus gjera ferdig den gåva som han før hadde teke til å samla inn hjå dykk. 7Men liksom de er rike på alt, på tru og tale, kunnskap og iver, og på den kjærleiken som de eig og har fått av oss, så må de òg med denne gåva syna kor rike de er.#1 Kor 1,5
8Eg seier ikkje dette som eit påbod, men eg nemner iveren hjå dei andre for å prøva om kjærleiken dykkar er ekte. 9De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike. #Matt 8,20; Fil 2,6f 10Eg seier mi meining om dette; det kan vera til gagn for dykk, de som i fjor gjekk inn i arbeidet og la godviljen til. #1 Kor 16,1f 11No gjeld det å fullføra verket. Liksom de var viljuge til å gå i gang, må de no vera viljuge til å fullføra, alt etter den råd de har. 12For når den gode viljen er der, skal han verdsetjast etter det ein har og ikkje etter det ein ikkje har. #Mark 12,42ff 13For det er ikkje så meint at andre skal få hjelp, og at de skal ha det trongt; det skal vera likt. 14Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som lid naud. Ein annan gong har dei overflod og kan hjelpa dykk når de lid naud. Då vert det likskap, 15som skrive står:#2 Mos 16,18
Den som fekk mykje,
hadde ikkje meir enn han trong,
og den som fekk lite,
vanta ikkje noko.
Titus og utsendingane frå kyrkjelydane
16Men Gud vere takk, som har vekt den same omsut for dykk hjå Titus òg. 17Han sa ja då eg bad han, og vart så ihuga at no reiser han til dykk etter eige ynske. 18Saman med han sender vi den broren som får ros i alle kyrkjelydane for sitt arbeid for evangeliet. 19Ja, ikkje berre det, men kyrkjelydane har valt han ut til å reisa saman med oss og bera fram den gåva som vi har samla inn for å fremja Herrens ære og visa vår gode vilje. 20På den måten kan ingen lasta oss for noko i samband med den store gåva som vi har hand om. 21For vi legg vinn på å gjera det som rett er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske. #Ordt 3,4; Rom 12,17 22Saman med desse to sender vi endå ein av brørne våre. Ofte og på mange måtar har han synt oss kor ihuga han er, og ettersom han har stor tiltru til dykk, er han di meir ihuga etter å koma i gang.
23Når det gjeld Titus, så kom i hug at han er min medhjelpar og medarbeidar hjå dykk. Og dei andre brørne, dei er utsendingar frå kyrkjelydane og Kristi ære. 24Vis dei no den kjærleiken de har, og lat dei og alle kyrkjelydane få sjå at det er med rette eg har rosa dykk.#7,14

Currently Selected:

2. Korintar 8: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy