YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 7

7
1Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på lekam og sjel og fullføra vår helging i age for Gud.#1 Joh 3,3
Glede over at kyrkjelyden angrar
2Gjev oss rom i hjarto dykkar! Ingen har vi gjort urett, ingen har vi øydelagt, ingen har vi gått for nær. #12,17 3Eg seier ikkje dette for å døma dykk. Eg har då alt sagt at de er i hjarto våre; vi høyrer saman i liv og død. #3,2; 6,11ff 4Stor er mi tiltru til dykk, og storleg rosar eg meg av dykk. Eg har vorte rikeleg trøysta og er fylt av glede midt i alle trengsler.
5Då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre vanskar; det var strid ikring oss og angst i oss. #2,13 6Men Gud som trøystar dei nedbøygde, gav oss nytt mot då Titus kom, #Jes 49,13; 2 Kor 1,3f 7ikkje berre med at han kom, men òg fordi han hadde fått nytt mot hjå dykk. Han fortalde korleis de lengta og trega, og kor heilhuga de no står saman med meg. Dette gledde meg endå meir. 8Om eg gjorde dykk sorg med brevet mitt, så angrar eg ikkje på at eg skreiv det. Ei stund angra eg nok på det, for eg veit at brevet gjorde dykk sorgfulle med det same. #7,8 brevet mitt[2,3.]#2,3f 9Men no er eg berre glad, ikkje fordi eg gjorde dykk sorg, men fordi sorga dreiv dykk til omvending. For dette var ei sorg etter Guds vilje; difor har vi ikkje gjort dykk nokon skade. 10For sorg som er etter Guds vilje, fører til omvending og frelse, som ingen angrar. Men verdsens sorg fører til død. #Matt 27,3ff 11For sjå, det at de fekk sorg etter Guds vilje, kor stor ihuge skapte ikkje det, ja, otte, harme og forsvar, lengting, alvor og vilje til å straffa. På alle måtar har de synt at de er utan skuld i denne saka. 12Då eg skreiv til dykk, var det ikkje for hans skuld som hadde gjort urett, heller ikkje for hans skuld som hadde lide urett. Eg skreiv for at det skulle verta klårt for dykk for Guds åsyn at de vil stå saman med meg.
13Alt dette gav oss nytt mot. Og ei endå større glede var det å sjå kor glad Titus var. De har alle vore med og gjort han roleg i hugen. 14Så når eg har rosa dykk for han, har eg ikkje vorte til skammar. Men liksom eg alltid har tala sant til dykk, så har våre rosande ord til Titus òg vist seg å vera sanning. 15Hjarta hans slår endå varmare for dykk no når han tenkjer på kor lydige de alle var, korleis de tok imot han med otte og age. #2,9; Rom 15,25ff+ 16Eg gleder meg over at eg i eitt og alt kan lita på dykk.

Currently Selected:

2. Korintar 7: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy