YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 9

9
Vilje til å gje
1No treng eg vel ikkje skriva til dykk om tenesta for dei heilage; 2for eg veit kor viljuge de er. Her i Makedonia rosar eg dykk og seier at de i Akaia har halde dykk budde sidan i fjor. Og iveren dykkar har sett fart i mange. 3No sender eg desse brørne til dykk, så det skal syna seg at det ikkje var tome ord vi fór med, når vi rosa dykk for dette, men at de er førebudde, som eg har sagt. 4Eg vil ikkje at det skal koma nokon frå Makedonia saman med meg og finna dykk ubudde; då fekk vi berre skam av dette tiltaket – for ikkje å snakka om dykk. 5Difor fann eg det naudsynleg å be brørne fara til dykk føreåt, og i god tid samla inn den gåva som de har lova. Så kan ho liggja ferdig som ei frukt av velsigning og ikkje av tvang.
6Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal sparsamt hausta, og den som sår med rik hand, skal få ein rik haust. #Ordt 11,24f; 22,8 7Kvar må gje det han har sett seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar. #Rom 12,8 8Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning. 9For det står skrive:#Sal 112,9
Han strøydde ut ¬og gav til dei fattige,
hans rettferd skal alltid vara.
10Han som gjev «såmannen såkorn og brød til å eta», han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor. #Jes 55,10; Hos 10,12 11De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud, når vi ber fram gåva. 12For denne tenesta, som òg er ei gudsteneste, er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg syna kor rik ho er ved at mange takkar Gud. 13Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og vedkjendest dykkar tru på Kristi evangelium, og fordi de var viljuge til å dela med dei og alle dei andre. 14Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk fordi Gud har gjeve dykk denne rike nåden. 15Gud vere takk for si useielege gåve!

Currently Selected:

2. Korintar 9: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy