YouVersion Logo
Search Icon

1. Kongebok 8

8
Paktkista kjem til templet
1Då kalla Salomo dei eldste i Israel og alle ættehovdingane, leiarane for Israels-ættene, saman til seg i Jerusalem. Dei skulle henta Herrens paktkiste opp frå Davids-byen, det er Sion. #2 Krøn 5,2ff 2Og alle menn i Israel samla seg hjå kong Salomo på høgtida i etanim månad, det er den sjuande månaden i året.
3Då alle dei eldste i Israel var komne, tok prestane Herrens paktkiste 4og bar henne opp, og like eins møteteltet og alle dei heilage kara som var i teltet. Det var prestane og levittane som bar dei. 5Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels-lyden som hadde samla seg hjå han. Dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei. 6Så bar prestane Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelromet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane. #2 Mos 26,33f 7For kjerubane breidde ut vengene sine over den staden der kista stod, så dei tekte over både kista og berestengene. 8Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå det heilage romet framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har dei vore til denne dag. 9I kista fanst det ikkje anna enn dei to steintavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut or Egypt.#2 Mos 25,16.21
10Så hende det då prestane gjekk ut or heilagdomen, at skya fylte Herrens hus. #8,10 skya[2 Mos 13,21.]#2 Mos 40,34 11Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste på grunn av skya; for Herrens herlegdom fylte templet.
Salomos bøn ved tempelvigsla
12Då sa Salomo:#8,12 Desse verselinene står i den gr. oms. etter v. 53 og har ein noko meir omstendeleg tekst: «Då kvad Salomo om huset, etter at han hadde bygt det ferdig: Herren, som sette sola på himmelen, har sagt at han vil bu i skoddemørkret.» Etter kvadet er det tillagt: Så står det skrive i «Songboka».#2 Mos 20,21; 3 Mos 16,2; 2 Krøn 6,1
Herren har sagt
at han vil bu i skoddemørkret.
13No har eg bygt deg ein bustad,
ein stad der du kan bu ¬til evig tid. #Sal 132,14
14Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden medan dei alle stod. #2 Sam 6,18 15Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i gjerning har oppfylt den lovnaden han gav David, far min, då han sa: 16«Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israels-ættene så det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Men eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.» #8,16 Den gr. oms. har ein lengre tekst, lik den i 2 Krøn 6,6.#2 Sam 7,6ff 17Og David, far min, tenkte å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud. #2 Sam 7,2ff; 1 Krøn 17,1ff 18Men Herren sa til David, far min: «Når du har tenkt å byggja eit hus for namnet mitt, så har du gjort vel i det. 19Men du skal ikkje byggja huset; son din, som er av ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.» 20Og Herren har halde den lovnaden han gav. Eg har fylgt etter David, far min, og sett meg på Israels kongsstol, som Herren har sagt, og eg har bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud. 21Der har eg stelt til ein stad for den kista som gøymer vitnemålet om den pakta Herren gjorde med fedrane våre då han førte dei ut or Egypt.#2 Mos 20,1ff; 5 Mos 31,26
22Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden. Han breidde ut hendene mot himmelen 23og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn mot dei vara ved, når dei ferdast heilhjarta for ditt åsyn. #5 Mos 4,39 24Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag. 25Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg til meg, som du har gjort.» #2 Sam 7,16 26Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, far min, tenaren din!#2 Krøn 1,9
27Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt! #Jes 66,1; Jer 23,24; Apg 7,48; 17,24 28Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre, min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg i dag! 29Vak over dette huset natt og dag, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! #5 Mos 12,5.11; 1 Kong 9,3 30Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, med augo vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!
31Når ein mann skader nesten sin, og det vert kravt at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset, #2 Mos 22,10ff 32då må du høyra det i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til deira rett. Døm den skuldige skuldig, og lat åtferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige, og lat han få løn for si rettferd!#5 Mos 25,1
33Når Israel, folket ditt, taper i striden mot fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om til deg og vedkjennest namnet ditt, bed til deg og tiggar om nåde i dette huset, 34då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira og føra dei heim att til det landet du gav fedrane deira.
35Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei, 36då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige.
37Når det vert hungersnaud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fienden kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket, 38og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner fordi han kjenner at det stikk han i hjarta, og breier ut hendene sine mot dette huset, 39då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta. #1 Sam 16,7; Sal 7,10; Jer 17,10 40Så skal dei ottast deg så lenge dei lever i det landet du gav fedrane våre.
41Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte for ditt namn skuld. 42For dei får nok høyra om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, med augo vende mot dette huset, 43så må du høyra dei i himmelen, der du bur, og gjera alt det dei ropar til deg om. Då skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skjøna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygt.#Jes 56,6f
44Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til Herren, med augo vende mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, 45då må du i himmelen høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett.
46Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær. #Ordt 20,9; Fork 7,20; Rom 3,23; 1 Joh 1,8 47Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei er fangar, og vender om og bed deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda og bore oss ille åt; gudlause har vi vore.» #Sal 106,6; Dan 9,5 48Vender dei då om til deg av heile sitt hjarta og heile sin hug i fiendelandet, hjå dei som førte dei bort, og bed til deg, med augo vende mot det landet du gav fedrane deira, mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, #5 Mos 30,1ff; Dan 6,11 49då må du høyra dei inderlege bønene deira i himmelen, der du bur, og hjelpa dei til deira rett. 50Tilgjev folket ditt alle syndene og misgjerningane dei har gjort mot deg. Lat dei møta miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei gjer sælebot på dei. 51Dei er då ditt folk og din eigedom, som du førte ut or Egypt, midt ut or jernomnen. #5 Mos 4,20 52Lat augo dine vera opne for dei inderlege bønene som stig opp frå tenaren din og frå folket ditt, Israel, så du alltid høyrer på dei når dei ropar til deg. 53For du har skilt dei ut frå alle folkeslag på jorda, så dei skal vera din eigedom, som du sa gjennom Moses, tenaren din, då du førte fedrane våre ut or Egypt, Herre, vår Gud!#2 Mos 19,5; 3 Mos 20,24; 5 Mos 7,6
Tempelvigsla
54Då Salomo hadde bore fram heile denne inderlege bøna for Herren, reiste han seg opp framfor Herrens altar, der han hadde lege på kne med hendene utbreidde mot himmelen. 55Han steig fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sa: #2 Sam 6,18; 1 Krøn 16,2 56Lova vere Herren, som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova. Ikkje eitt av alle dei gode orda som han tala gjennom Moses, tenaren sin, har falle til jorda. #Jos 21,44f; 23,14 57Gjev Herren vår Gud må vera med oss som han var med fedrane våre! Gjev han aldri må sleppa oss og aldri støyta oss frå seg, #Sal 94,14 58men bøya hjarta vårt til seg, så vi alltid går på hans vegar og held dei bod, føresegner og lover som han gav fedrane våre. 59Gjev denne inderlege bøna som eg har bede til Herren, må koma fram for Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira, etter som det trengst dag for dag. 60Då skal alle folk på jorda skjøna at Herren er Gud, han og ingen annan. #Jes 45,5f 61Hald dykk heilhjarta til Herren vår Gud, så de ferdast etter hans føresegner og held hans bod, som de gjer i dag.
62Så ofra kongen og heile Israel med han slaktoffer til Herren. #2 Krøn 7,4ff 63Og Salomo bar fram måltidsofferet for Herren. Det var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Såleis vigsla kongen og alle israelittane Herrens hus. 64Same dagen vigsla kongen midtdelen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennofferet, grødeofferet og feittstykka av måltidsofferet. For bronsealtaret som stod for Herrens åsyn, var for lite til å røma både brennofferet, grødeofferet og måltidsofferet.
65Samstundes heldt Salomo høgtida, og heile Israel med han. Det var ein stor festlyd som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken. I sju dagar og sju dagar til, i alt fjorten dagar, heldt dei høgtid for Herren vår Guds åsyn. #8,65 Lebo-Hamat[4 Mos 13,21.] 66Den åttande dagen lét han folket fara. Dei bad farvel med kongen og drog heim, kvar til sitt, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt.

Currently Selected:

1. Kongebok 8: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in