YouVersion Logo
Search Icon

1. Kongebok 9

9
Guds svar på Salomos bøn
1Då Salomo hadde fullført Herrens hus, kongsgarden og alt det andre som han hadde hug til å gjera, #2 Krøn 7,11ff 2då synte Herren seg for han andre gongen, som han hadde synt seg for han i Gibeon, 3og sa til han: Eg har høyrt den inderlege bøna som du bar fram for meg. Eg har helga dette huset som du har bygt, og vil la namnet mitt bu der til evig tid. Augo mine og hjarta mitt skal alltid vera vende mot det. #8,29 4Ferdast du no for mitt åsyn med heilt hjarta og ærleg hug, som David, far din, gjorde, gjer du alt det eg har sagt deg, og held du boda og lovene mine, #11,38; Sal 101,2 5så skal eg tryggja kongsstolen din i Israel til evig tid, så som eg lova David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol. #2,4 6Men vender de dykk bort frå meg, de og borna dykkar, og ikkje held dei bod og føresegner som eg har lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og kasta dykk ned for dei, #Jos 23,16 7då vil eg rydja israelittane ut or det landet eg gav dei. Og det huset som eg har helga for namnet mitt, vil eg føykja bort frå mitt åsyn, og Israel skal verta eit ordtak og eit spottord mellom alle folk. #5 Mos 28,37; Jer 24,9 8Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, fæla og spotta og spørja: «Kvifor har Herren fare så med dette landet og dette huset?» #5 Mos 29,24ff; Jer 22,8 9Då skal folk svara: «Fordi dei vende seg bort frå Herren sin Gud, han som førte fedrane deira ut or Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka, difor har Herren ført all denne ulukka over dei.»
Byggjearbeid og handel
10Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja dei to husa, templet og slottet, #6,38; 7,1; 2 Krøn 8,1 11gav han Hiram, kongen i Tyrus, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ville ha. 12Men då Hiram kom frå Tyrus og skulle sjå på dei byane han hadde fått av Salomo, lika han dei ikkje. 13Han sa: «Kva er dette for byar du har gjeve meg, bror?» Og han kalla dei Kabul-landet, som dei heiter den dag i dag. #9,13 Kabul-landet Sml. Jos 19,27. Namnet leikar kanskje innpå eit ord som tyder «verdilaust». 14Hiram hadde sendt kongen hundre og tjue talentar gull.
15Såleis hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, Hasor, Megiddo og Geser: #9,15 Millo[2 Sam 5,9.]#5,13 16Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han hadde brent byen og drepe kanaanearane som budde der. Sidan hadde han gjeve byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo. #3,1 17Salomo bygde opp att Geser, og like eins Nedre Bet-Horon, #2 Krøn 8,4 18Ba’alat og Tamar i øydemarka der i landet, #Jos 19,44 19alle byane han hadde lagerhus i, dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over.#10,26
20Alle som var att av amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje var av Israels ætt, 21etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde makta å bannstøyta dei, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag. #Jos 16,10; Dom 1,28; 2 Krøn 8,7ff 22Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket hans. 23Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med det folket som gjorde arbeidet.
24Så snart dotter til farao hadde flytt opp frå Davids-byen til det huset han hadde bygt åt henne, gjekk han i gang med å byggja Millo.#2 Krøn 8,11ff
25Tre gonger om året bar Salomo fram brennoffer og måltidsoffer på det altaret han hadde bygt for Herren, og han brende røykjelse for Herrens åsyn. Så bygde han templet ferdig.
26Kong Salomo bygde òg skip i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, på Sevsjø-stranda i Edom. #9,26 Esjon-Geber, Eilat[5 Mos 2,8.]#2 Krøn 8,17ff 27På desse skipa sende Hiram nokre av mennene sine som var sjøfolk og kjende havet, av stad saman med mennene åt Salomo. 28Dei fór til Ofir og henta gull, fire hundre og tjue talentar, som dei hadde med seg heim til kong Salomo.

Currently Selected:

1. Kongebok 9: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in