YouVersion Logo
Search Icon

1. Kongebok 7

7
Salomo byggjer kongsgarden
1Salomo bygde på kongsgarden sin i tretten år før han fekk han ferdig.#6,38; 9,10
2Fyrst bygde han Libanon-skoghuset. Det var hundre alner langt, femti alner breitt og tretti alner høgt. Det hadde fire rader med søyler av sedertre, og oppå søylene var det sederbjelkar. #7,2 Libanon-skoghuset ei stor hall med søyler av sedertre, som liktest ein skog. 3Over sideroma, som kvilte på søylene, var det eit tak av sedertre. I alt var det førtifem rom, femten i kvar rad. 4I huset var det tre rader vindaugo med karmar. Vindaugo låg midt for kvarandre i tre høgder. 5Alle dørene og vindaugo hadde firkanta karmar og vende beint imot kvarandre i tre høgder.
6Så bygde han søylehalla, som var femti alner lang og tretti alner brei. Framfor den var det ei forhall med søyler, og framfor den att eit skjermtak. 7Sidan bygde han tronhalla, der han sat og dømde, Domshalla. Han kledde henne med sedertre frå golvet til takbjelkane.
8Hans eige hus, det som han budde i, låg i den andre garden innanfor forhalla. Det var bygt på same måten. Salomo bygde òg eit hus for dotter til farao, som han hadde teke til kone. Det òg likna forhalla.#3,1
9Alle desse bygningane var av dyre steinar, som var hogne etter mål. Dei var skorne til med steinsag både på innsida og utsida, frå grunnvollen opp til murkransen og frå utkanten av borga inn til den store borggarden. 10Grunnmuren var av store og dyre steinar, steinar på ti alner og på åtte alner. 11Over dei var det dyre steinar, som var hogne etter mål, og sedertre. 12Rundt den store borggarden var det tre lag med hoggen stein og eitt lag med sederbjelkar. Såleis var det òg rundt den indre føregarden til Herrens hus og rundt forhalla til slottet.
Utstyret til templet
13Kong Salomo sende bod etter Hiram frå Tyrus. #2 Krøn 2,13ff 14Han var son til ei enkje av Naftali-ætta, og far hans var ein koparsmed frå Tyrus. Hiram var ein dugande mann og hadde godt skjøn og stor kunnskap, så han kunne gjera allslags arbeid i bronse. Han kom til Salomo og gjorde alt det arbeidet kongen ville ha gjort.#2 Mos 31,3f
15Hiram støypte dei to bronsesøylene. Den eine søyla var atten alner høg, og det trongst ei snor på tolv alner om ho skulle nå rundt henne. Den andre søyla var like stor. #7,15 bronsesøylene framføre inngangen til templet. Sjå v. 21.#2 Kong 25,17; 2 Krøn 3,15 16Så laga han to søylehovud til å setja på toppen av søylene. Dei var støypte av bronse, og kvart av dei var fem alner høgt. 17På søylehovuda øvst på søylene var det flettverksarbeid. Og på kvart søylehovud hang det sju snorer som likna kjeder. 18Han laga to rader med granateple kring det eine av flettverka som skulle dekkja søylehovuda øvst på søylene. Såleis gjorde han med det andre søylehovudet òg. 19Søylehovuda øvst på søylene i forhalla var på skap som lotusblomar og mælte fire alner. 20På begge søylehovuda, rett ovanfor utbuktninga på den andre sida av flettverket, var det granateple. Dei var to hundre i talet og hang i rader rundt ikring søylehovuda.
21Han reiste søylene attmed forhalla til templet. Den søyla som han sette på høgre sida, kalla han Jakin, og den han sette på venstre sida, kalla han Boas. #7,21 Jakin, Boas Namna tyder truleg «(Gud) gjer fast» og «i han er styrke». 22Øvst på søylene var det støypt lotusblomar. Så var arbeidet med søylene fullført.
23Sidan laga han det støypte havet. Det var heilt rundt og mælte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det. #7,23 det støypte havet eit stor kjer med vatn til alle slag reinsingsråder. Sml. 4 Mos 19.#2 Krøn 4,2ff 24Nedanfor kanten var det graskar rundt ikring, ti på kvar alen. Det var to rader med graskar, og dei var støypte i eitt med havet. 25Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei. 26Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, forma som ein lotusblom. Det tok to tusen bat.
27Så laga han ti fotstykke for offerkjelar. Dei var av bronse, og alle var fire alner lange, fire alner breie og tre alner høge. 28Fotstykka var laga såleis: Dei hadde tverrlister, og tverrlistene låg mellom rammelistene. 29På tverrlistene mellom rammelistene var det løver, oksar og kjerubar, og det var det på rammelistene òg. Over og under løvene og oksane var det kransar av hamra arbeid. 30Kvart fotstykke hadde fire hjul av bronse og åsar av bronse. På dei fire føtene var det berearmar, som var støypte på under kjelen. Bak kvar av dei var det kransar. 31Opninga for kjelen var innanfor kransen og nådde ei alen opp over han. Ho var rund og hadde eit underlag på halvanna alen. På opninga var det utskjeringar. Men tverrlistene var firkanta, ikkje runde.
32Dei fire hjula var under tverrlistene, og hjulåsane sat på fotstykket. Kvart hjul var halvanna alen høgt. 33Hjula var laga som vognhjul; åsane, hjulringane, eikene og nava – alt saman var støypt. 34Dei fire berearmane var feste til dei fire hjørna på kvart fotstykke. Berearmane var støypte i eitt med fotstykket. 35Øvst på kvart fotstykke gjekk det ei runding som var ei halv alen høg. Handtaka og berearmane sat øvst på fotstykket og var støypte i eitt med det. 36På flatsida av handtaka og på berearmane skar han ut kjerubar, løver og palmer etter som det var rom til, og kransar rundt ikring. 37Såleis laga han dei ti fotstykka for offerkjelar. Dei var alle støypte på same vis og hadde same mål og form.
38Så laga han ti kjelar av bronse. Kvar kjel tok førti bat og var fire alner i tverrmål. Det var ein kjel for kvart av dei ti fotstykka. #2 Krøn 4,6 39Fem av fotstykka sette han på sørsida av templet og fem på nordsida. Havet sette han på sørsida, ved det søraustre hjørnet.#2 Krøn 4,10
40Hiram laga oskefata, eldskuflene og offerskålene. Dermed hadde han fullført alt det arbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Herrens hus: #2 Mos 27,3; 2 Krøn 4,11ff 41to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to flettverksarbeid til å dekkja dei to skålene; 42dei fire hundre granatepla til dei to flettverka, to rader med granateple til kvart flettverk, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene; 43dei ti fotstykka med dei ti kjelane på; 44havet – det var berre eitt – med dei tolv oksane under; 45oskefata, eldskuflene og offerskålene. Alt dette som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.
46Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan. 47Salomo lét vera å vega alle desse tinga, fordi mengda var så stor. Ingen kunne seia kor mykje bronsen vog.
48Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på; #2 Mos 25,23ff 49ljosestakane framfor det inste romet, fem på sørsida og fem på nordsida, av fint gull, med blomar; ljosesaksene og tengene av gull; #2 Mos 25,31ff; 2 Krøn 4,7 50bollane, knivane, offerskålene, kannene og glopannene av fint gull. På utsida var dørene til det inste romet i huset, til Det høgheilage, og dørene til tempelhalla lagde med gull.
51Så var det fullført, alt arbeidet som kong Salomo hadde late gjera på Herrens hus. Og han flytte dit det som David, far hans, hadde vigt til Herren, både sølvet og gullet og kara. Han la det inn i skattkammera i Herrens hus.#2 Sam 8,10–12; 2 Krøn 5,1

Currently Selected:

1. Kongebok 7: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in