Lukas 18
18
Enkja og domaren
1Han fortalde dei ei likning om at dei støtt skulle be og ikkje gje opp:#Rom 12,12; Kol 4,2; 1 Tess 5,17
2I ein by var det ein domar som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske. 3I same byen var det ei enkje; ho kom gong på gong til han og sa: «Hjelp meg mot motparten min, så eg kan få min rett.» 4Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje har age for noko menneske, 5vil eg likevel hjelpa denne enkja til retten hennar, så som ho plagar meg, elles endar det vel med at ho legg til meg midt i synet.»#11,8
6Og Herren sa: «Høyr kva denne uærlege domaren seier! 7Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei? 8Eg seier dykk: Han skal syta for at dei får sin rett, og det snart. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»
Farisearen og tollaren
9Til nokre som trudde om seg sjølve at dei var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:#16,15
10To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar. #Matt 6,5 11Farisearen stelte seg opp og bad såleis: «Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller òg som den tollaren der. 12Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.» 13Tollaren stod langt nede; han ville ikkje eingong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: «Gud, ver meg syndaren nådig!»#18,13 slo seg for bringa teikn på anger og bot. #Sal 51,3.19
14Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.#14,11+
Jesus og borna
(Matt 19,13–15; Mark 10,13–16)
15Dei bar òg spedborna til Jesus for at han skulle røra ved dei. Då læresveinane såg det, ville dei visa dei bort. 16Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 17Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»#Matt 18,3
Jesus og den rike mannen
(Matt 19,16–30; Mark 10,17–31)
18Ein av rådsherrane kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera, så eg kan få evig liv?» #10,25 19Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Berre éin er god – det er Gud. 20Boda kjenner du: Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt. Du skal æra far din og mor di.» #2 Mos 20,12ff 21Han svara: «Alt dette har eg halde frå eg var ung.» 22Då Jesus høyrde det, sa han: «Eitt vantar deg: Sel alt det du eig, og del det ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!» #12,33 23Mannen vart sturen då han høyrde det, for han var svært rik.
24Då Jesus såg det, sa han: «Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike! #1 Tim 6,9f+ 25Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 26«Kven kan då verta frelst?» sa dei som høyrde på. 27Han svara: «Det som er umogeleg for menneske, er mogeleg for Gud.»#1,37
28Då sa Peter: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt vårt og fylgt deg?» #5,11 29Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen har skilt seg med hus eller kone eller sysken eller foreldre eller born for Guds rike skuld 30utan at han skal få det att mangdobbelt her i tida, og i den verda som kjem, eit evig liv.»
Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att
(Matt 20,17–19; Mark 10,32–34)
31Så tok han dei tolv til sides og sa til dei: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og alt som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast. #Jes 53; Luk 24,25ff 32Han skal gjevast over til heidningane og spottast og mishandlast og spyttast på, #9,22.44 33og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.» 34Men dei skjøna ikkje noko av dette. Det var løynt for dei, og dei forstod ikkje kva han meinte.#9,45
Den blinde mannen ved Jeriko
(Matt 20,29–34; Mark 10,46–52)
35Då Jesus kom bort imot Jeriko, sat det ein blind mann attmed vegen og tigga. 36Mannen høyrde at det gjekk mykje folk frametter, og spurde kva det var. 37Dei svara at Jesus frå Nasaret fór framom. 38Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» #17,13; Matt 9,27; 15,22 39Dei som gjekk føre, skjente på han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» 40Jesus stogga og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom innåt, spurde Jesus han: 41«Kva vil du at eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet!» svara han. 42Jesus sa til han: «No skal du få synet! Trua di har frelst deg.» #7,50+ 43Straks kunne han sjå, og han gav seg i lag med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.
Àwon tá yàn lọ́wọ́lọ́wọ́ báyìí:
Lukas 18: NO1978NN
Ìsàmì-sí
Pín
Daako
Ṣé o fẹ́ fi àwọn ohun pàtàkì pamọ́ sórí gbogbo àwọn ẹ̀rọ rẹ? Wọlé pẹ̀lú àkántì tuntun tàbí wọlé pẹ̀lú àkántì tí tẹ́lẹ̀
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2