Lukas 16
16
Den kloke hushaldaren
1Jesus sa til læresveinane: Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til han og sa at denne hushaldaren øydde bort det han åtte. 2Då kalla han hushaldaren til seg og sa: «Kva er det eg høyrer om deg? Gjer rekneskap for styringa di, for du kan ikkje lenger vera hushaldar hjå meg.» 3Mannen tenkte: «Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Grava orkar eg ikkje, og eg skjemmest ved å tigga. 4Jau, no veit eg kva eg vil gjera så dei skal ta meg til seg når eg vert avsett.» 5Så kalla han til seg skuldmennene åt herren sin, ein for ein, og sa til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?» 6«Hundre fat olje,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt,» sa hushaldaren, «set deg ned med ein gong og skriv femti.» 7Så spurde han den neste: «Og du, kor mykje skuldar du?» «Hundre tønner kveite,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti,» sa hushaldaren.
8Herren rosa den uærlege hushaldaren fordi han hadde fare klokt åt, og han sa: Denne verdsens born er klokare til å stella seg med kvarandre enn ljosens born. #Joh 8,12; 12,36; Ef 5,8+ 9Og eg seier dykk: Bruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinna dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt. 10Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort. #19,17 11Er de ikkje ærlege med pengane, som det hefter urett ved, kven vil då lita på dykk og gje dykk den rette rikdomen? 12Og syner de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga? 13Ein træl kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.#16,13 Mammon I v. 9 og 11 er same ordet omsett med «pengane». #Matt 6,24
Lova og Guds rike
(Matt 11,12–13)
14Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus. 15Då sa han til dei:
De vil ha folk til å tru at de er rettferdige, men Gud kjenner hjarto dykkar. Det som er stort mellom menneske, er ein styggedom for Gud. #Matt 23,28; Luk 18,9ff 16Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid har evangeliet om Guds rike vorte forkynt, og alle trengjer seg inn i det med makt. 17Før skal himmel og jord forgå før ein einaste prikk i lova fell bort.#Matt 5,18; Luk 21,33
18Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, han bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, han bryt ekteskapet.#Matt 5,31f+
Den rike mannen og Lasarus
19Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag. 20Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår. 21Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.
22Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. 23Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans. 24Då ropa han: «Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.» 25Abraham svara: «Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt. #6,24f 26Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk; ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.» 27Då sa den rike: «Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. 28Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.» 29Men Abraham sa: «Dei har Moses og profetane; dei kan høyra på dei.» 30«Nei, far Abraham,» svara han, «men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.» 31Då sa Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde.»#Joh 5,46f
Selectat acum:
Lukas 16: NO1978NN
Evidențiere
Partajează
Copiază
Dorești să ai evidențierile salvate pe toate dispozitivele? Înscrie-te sau conectează-te
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2