Lukas 15
15
Den eine sauen – og dei nittini
(Matt 18,12–14)
1Tollarane og syndarane heldt seg nær til Jesus og høyrde på han. 2Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.» #5,30; 7,34; 19,7 3Då fortalde han dei denne likninga:
4Om ein av dykk har hundre sauer og misser éin, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i marka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? #Joh 10,11f+; Luk 19,10 5Og når han har funne han, vert han glad og tek han på akslene sine. 6Straks han kjem heim, kallar han saman vener og grannar og seier til dei: «Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.» 7Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending.
Sølvpengen som vart funnen
8Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og misser éin, kveikjer ho ikkje då ljos og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han? 9Og når ho har funne han, kallar ho saman vener og grannekoner og seier: «Gled dykk med meg! Eg har funne pengen eg hadde mist.» 10På same måten, seier eg dykk, vert det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.
Den bortkomne sonen
11Så sa Jesus: Det var ein gong ein mann som hadde to søner. 12Den yngste sa til far sin: «Far, lat meg få den delen av buet som fell på meg.» Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 13Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt sitt og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og øydde opp alt det han åtte. 14Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. 15Så gjekk han til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine; der skulle han gjæta svin. 16Han ynskte berre å få metta seg med dei skolmane som grisane åt, for ingen gav han noko.
17Då gjekk han i seg sjølv og sa: «Kor mange leigekarar heime hjå far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! 18Eg vil ta i veg og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. 19Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.»
20Så tok han i veg og gjekk heim til far sin. Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han ynkast inderleg. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. 21Då sa sonen: «Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.» 22Men faren sa til tenarane: «Skunda dykk! Finn fram dei beste kleda og ha på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. 23Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og vera glade. 24For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.» Og så tok gleda til.#Ef 2,1.5
25Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimetter og kom bort imot garden, høyrde han spel og dans. 26Han ropa på ein av drengene og spurde kva dette skulle tyda. 27«Bror din er komen,» svara han, «og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han frisk heim att.» 28Då vart han arg og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. 29Men han svara: «No har eg tent deg i alle år, og aldri gjort imot det du sa. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. 30Men når han kjem heim, denne son din, som har øydt opp pengane dine i lag med skjøkjer, då slaktar du gjøkalven åt han!» 31Då sa far hans: «Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt. 32Men no skal vi vera glade og fegne. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.»
Selectat acum:
Lukas 15: NO1978NN
Evidențiere
Partajează
Copiază
Dorești să ai evidențierile salvate pe toate dispozitivele? Înscrie-te sau conectează-te
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2