1. Mosebok 16

16
Sarai hev ikkje born; difor let ho Abram få Hagar til fylgjekona; Hagar vert med barn, vanvyrder Sarai, fær tukt og rømer, 1-6. Herrens engel byd henne fara heim att, og varslar henne at ho skal få sonen Ismael, og kva det skal verta av han. Ho fer heim att og fær Ismael, 7-16.
1Sarai, kona hans Abram, fekk ikkje born. Men ho hadde ei terna som var frå Egyptarland og heitte Hagar. 2Og Sarai sa til Abram: Du ser Herren meinka meg born. Kjære deg, gakk inn til terna mi! Kann henda ho fær ein son åt meg. Og Abram lydde rådi hennar Sarai.#1 Mos 30,3.9 3So tok Sarai, kona hans Abram, og let Abram, mannen sin, få Hagar frå Egyptarland, som var terna hennar, til kona. Då var det ti år sidan Abram hadde slege seg ned i Kana'ansland. 4Og han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho såg at ho var med barn, vanvyrde ho matmor si. 5Då sa Sarai til Abram: Du skal svara for den urett eg lid. Eg bad deg sjølv taka terna mi i fang, men no ho ser at ho er med barn, vanvyrder ho meg. Herren skal døma millom meg og deg!#1 Sam 24,16 6Då sa Abram til Sarai: Terna di råder du sjølv yver. Gjer med henne som du synest! Sidan var Sarai hard med henne; og ho rømde sin veg. 7Men Herrens engel fann henne innmed vasskjelda i øydemarki, den kjelda som er frammed vegen til Sur. 8Og han sa: Du Hagar, terna hennar Sarai, kvar kjem du frå, og kvar etlar du deg? Og ho sa: Eg laut røma frå Sarai, matmor mi. 9Då sa Herrens engel til henne: Gakk heim att til matmor di, og bøyg deg under handi hennar! 10Og Herrens engel sa til henne: Eg vil gjeva deg ei ætt som er endelaus; reint uteljande skal ho vera. 11Og Herrens engel sa til henne: Sjå, du er med barn, og du skal eiga ein son. Han skal du kalla Ismael, av di Herren høyrde deg i naudi di.#16,11 Ismael d. e. Gud høyrer. 12Det verta eit villasen til kar. Hans hand skal vera lyft mot alle, og alle hender mot han; og han skal bu austanfor alle brørne sine. 13Og ho nemnde Herren, som hadde tala med henne, og sa: Du er Gud, den som ser! Og ho sa: Kann det vera råd at eg her hev set skimten av den som ser meg? 14Difor kallar dei den brunnen Lakai Ro'i-brunnen; ho er millom Kades og Bered.#16,14 Ro'i-brunnen d. e. brunnen åt den levande som ser meg. 15Og Hagar fekk ein son, og Abram kalla sonen sin som Hagar hadde fenge, Ismael. 16Abram var seks og åtti år gamal då han fekk Ismael med Hagar.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på