1. Mosebok 15

15
Gud lover Abram at han skal få ein son og ei stor ætt; Abram trur, og det reknar Gud han til rettferd, 1-6. Gud gjer ei pakt med han, og stadfestar lovnaden um at ætti hans skal få Kana'ans-land, 7-21.
1Ei tid etter dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde so: Ver ikkje ottefull, Abram! Eg er din skjold! Løni di skal vera ovleg stor.#Jes 41,10 2Då sa Abram: Herre, Herre, kva vil du gjeva meg? Barnlaus fer eg min veg, og den som vert eigande huset mitt, er Elieser frå Damaskus. 3Sjå meg hev du ikkje gjeve barn, sa Abram, og ein tenar som er fødd i huset mitt kjem til å erva meg. 4Men sjå då kom Herrens ord til han, og det lydde so: Nei, han skal ikkje erva deg, men ein som er komen av ditt eige blod, skal erva deg. 5Og han leidde han utanfor og sa: Sjå upp til himmelen og tel stjernone, um du er god til. So tallaus, sa han til han, skal ætti di verta.#1 Mos 13,16; 22,17; 2 Mos 32,13; 5 Mos 10,22 6Og Abram trudde Herren, og det rekna han honom til rettferd.#Rom 4,3.18; Gal 3,6 7Og han sa til han: Eg er Herren, som leidde deg ut frå Ur i Kaldea, og eg vil gjeva deg dette landet til eiga. 8Og Abram sa: Herre, Herre, kva vissa skal eg hava på det at eg skal få det til eiga? 9Då sa Herren til han: Henta meg ei triæringskviga og ei triæringsgeit og ein triæringsver og ei turtelduva og ein duveunge! 10So henta Abram alt dette åt han og skar dyri midt i tvo og la den eine luten av kvart dyr beint imot det andre. Men fuglane skar han ikkje sund. 11Og rovfuglar kom dalande ned på kjøtet, men Abram jaga dei burt. 12Då det so leid til at soli vilde glada, kom det ein tung svevn på Abram, og gruv, stort myrker, kom yver han. 13Og han sa til Abram: Det skal du vita, at ætti di skal halda til i eit land som ikkje er deira, og dei skal træla for folket der og tola mykje vondt av det i fire hundrad år.#2 Mos 12,40; Apg 7,6 14Men det folket som dei lyt træla for, vil eg og døma; og sidan skal dei draga ut med mykje gods.#2 Mos 3,21-22; 11,2; 12,35-36 15Og du skal fara i fred til federne dine og ganga i gravi i ein god alderdom.#1 Mos 25,8 16Og i den fjorde mannsalderen skal dei koma hit att; for endå vantar det noko på syndeskuldi åt amoritane fyrr målet er fullt.#5 Mos 9,4 17No var soli gladd, og det var stumende myrkt. Då fekk han sjå ein rjukande omn og ein eldsloge som for fram millom kjøtstykki.#2 Mos 19,18; Jer 34,18 18Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlandselvi alt til den store elvi, til Fratelvi,#1 Mos 12,7; 2 Mos 23,31; 1 Kong 4,21; Sal 80,12 19landet åt kenitane og kenisitane og kadmonitane 20og hetitane og ferisitane og refa'itane 21og amoritane og kana'anitane og girgasitane og jebusitane.#Jos 24,11

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på