Salmane 32
32
1 #
Rom 4,7f Av David. Ein læresalme.
Sæl er den som får sine brot tilgjevne
og sine synder tildekte!
2Sælt er det mennesket
som Herren ikkje tilreknar skuld,
som i si ånd er utan svik.
3Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort
medan eg stønna heile dagen.
4For dag og natt
låg di hand tungt på meg.
Mi livssaft svann
som i heten om sommaren. Sela
5 #
2 Sam 12,13; 24,10; Ordt 28,13; 1 Joh 1,9 Då sanna eg mi synd for deg,
og mi skuld dekte eg ikkje over.
Eg sa: «Eg vil sanna
mine brot for Herren.»
Og du tok bort mi syndeskuld. Sela
6Difor skal alle trugne
be til deg i tider med trengsle.
Om det kjem ein veldig flaum,
skal vatnet ikkje nå dei.
7Du skjermar meg,
du vernar meg mot naud,
med frelsejubel omgjev du meg. Sela
8 #
25,12; Jes 48,17 Eg vil gjera deg vis og læra deg
den vegen du skal gå,
eg vil la mitt auge kvila på deg
og gje deg råd.
9 #
2 Kong 19,28; Ordt 26,3 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!
Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,
elles kjem dei ikkje til deg.
10 #
34,22; Ordt 12,21 Den urettferdige har mange plager,
men den som set si lit til Herren,
kransar han med miskunn.
11 #
30,5+; Jes 61,10; Hab 3,18; Fil 4,4 Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige!
Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!
Markert nå:
Salmane 32: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.