Salmane 33
33
1 #
30,5+ Rop av fryd for Herren,
de rettferdige!
Det er rett at dei rettskafne
syng lovsong.
2 #
71,22; 81,3f; 98,5f; 144,9; 147,7; 149,3; 150,3ff # 33,2 lyre hebr. kinnår, eit gitar- eller harpeliknande strengeinstrument. Pris Herren til lyre,
spel for han på tistrengja harpe!
3 #
40,4; 96,1; 98,1 Syng ein ny song for han,
spel vakkert og rop med jubel!
4 #
4 Mos 23,19; 1 Sam 15,29; Tit 1,2 For Herrens ord er sant,
alt han gjer, kan ein lita på.
5Han elskar rettferd og rett,
jorda er full av Herrens miskunn.
6 #
1 Mos 1,6f; 2,1 # 33,6 heile himmelhæren stjernene eller englane. =himmelske vesen. Ved Herrens ord vart himmelen skapt,
heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.
7 #
1 Mos 1,9; Job 38,8; Sal 104,7ff Han samla havvatnet som i eit kar,
la havsens djup i forråd.
8Heile verda må frykta Herren,
alle som bur på jorda, må skjelva for han.
9 #
1 Mos 1,3; Sal 148,5 Han tala, og det skjedde,
han baud, og det stod der.
10 #
Neh 4,15; Job 5,12 Herren skiplar rådet folka legg,
bryt planane folkeslag tenkjer ut.
11 #
Ordt 19,21; Jes 46,10 Herrens råd står fast for alltid,
hans hjartans planar frå slekt til slekt.
12 #
144,15
Sælt er det folk som har Herren til Gud,
det folk han har valt til sin eigedom!
13 #
14,2
Herren skodar ned frå himmelen,
han ser alle menneske.
14Frå sin bustad ser han ned
på alle som bur på jorda.
15 #
94,9–11
Han har forma deira hjarte,
alle deira gjerningar kjenner han.
16 #
1 Sam 17,45ff; Sal 147,10 Kongen blir ikkje redda av stor styrke,
stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.
17 #
20,8; Ordt 21,31 Hesten gjev falske voner om hjelp,
med sin store styrke bergar han ingen.
18 #
34,10f; 37,18f; 111,5 Men Herrens auge kviler på dei
som fryktar han og ventar på hans miskunn,
19 #
Job 5,20
så han kan fria dei frå døden
og halda dei i live gjennom hungersnaud.
20 #
3,4+ Vår sjel ventar på Herren;
han er vår hjelp og vårt skjold.
21Vårt hjarte gleder seg i han,
vi set vår lit til hans heilage namn.
22Lat di miskunn vera over oss, Herre!
Det er deg vi ventar på.
Markert nå:
Salmane 33: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.