Ordtaka 10

10
Andre samlinga
(10,1–22,16)
1 # 15,20; 17,21.25; 19,13; 23,15.24; 27,11; 29,3 Ordtak frå Salomo.
Ein klok son er til glede for far sin,
men ein tåpeleg son er mor si til sorg.
2 # 11,4; Esek 7,19 Skattar vunne med urett er til inga nytte,
men rettferd bergar frå døden.
3 Herren lèt ikkje den rettferdige svelta,
men seier nei når dei urettferdige krev.
4 # 12,24.27; 13,4 Lat hand gjer fattig,
men flittige hender gjer rik.
5 # 6,8 Den forstandige samlar medan det er sommar,
skam får den som søv når det er tid for å hausta.
6Over hovudet på den rettferdige kjem velsigning,
men munnen til urettferdige løyner vald.
7 # Sal 9,6; Ordt 12,7; 14,11 Minnet om den rettferdige blir til velsigning,
men ryktet til urettferdige rotnar bort.
8Den som er vis i hjartet, tek boda til seg,
men den som har dumskap på leppene, går til grunne.
9 # 1,33; 28,18 Trygt går den som er heil i si ferd,
men den som går krokvegar, blir avslørt.
10 # 6,13+ Den som sender hånlege blikk, valdar smerte,
men den som har dumskap på leppene, går til grunne.
11 # Sal 37,30; Ordt 13,14; 14,27 Den rettferdiges munn er ei kjelde til liv,
men munnen til urettferdige løyner vald.
12 # 17,9; 1 Pet 4,8 Hat vekkjer strid,
men kjærleik løyner alle synder.
13 # 19,29 På leppene til den kloke er visdom å finna,
men stokken skal råka ryggen til den vitlause.
14 # 18,7 Dei vise samlar på kunnskap;
når den dumme talar, er ulukka nær.
15 # 18,11 Rikmanns gods er hans faste borg,
fattigdom er til ulukke for småkårsfolk.
16Løna til den rettferdige gjev liv,
det den urettferdige tener, fører til synd.
17 # 6,23; 12,1; 13,1.18; 15,5.32 Å akta på formaninga er ein veg til liv,
å forakta tilrettevising fører vill.
18Den som løyner hat, har lygande lepper,
ein dåre er den som fer med slarv.
19 # 13,3; 17,27; 18,6f.21; 21,23; Fork 5,2 Der det er mange ord, er det ingen mangel på synd,
forstandig er den som tøymer tunga.
20Den rettferdiges tunge er som utsøkt sølv,
hjartet til dei urettferdige er lite verdt.
21 # Fork 10,12 Den rettferdiges lepper rettleier mange,
dumme døyr, for dei har ikkje vit.
22 # Sal 127,2 Det er Herrens velsigning som gjer rik,
eige strev legg ingenting til.
23 # 2,14 Skamlaus gjerning er til lyst for dåren,
visdom er til lyst for den vituge.
24 # Job 3,25; Ordt 1,27 Det den urettferdige er redd for, kjem over han,
men dei rettferdige får det dei lengtar etter.
25 # 12,3; Matt 7,24ff Når stormen fer forbi, blir den urettferdige borte,
men den rettferdige har ein grunnvoll som varer.
26Som eddik for tennene og røyk for auga
er den late for den som set han i arbeid.
27 # 4,10 Å frykta Herren forlengjer livet,
men dei urettferdige får færre år.
28 # Job 8,13; Sal 1,6; Ordt 11,23 Dei rettferdige har glede i vente,
men det dei urettferdige har som håp, blir borte.
29 # Sal 37,39; Ordt 14,26 Herrens veg er eit vern for den som er heil i si ferd,
men til ulukke for dei som gjer urett.
30 # Sal 112,6; Ordt 2,21f Den rettferdige skal aldri vakla,
men urettferdige får ikkje bu i landet.
31 # Sal 37,30 Den rettferdiges munn ber visdom som frukt,
men svikefull tunge skal skjerast av.
32 # Fork 10,12 Den rettferdiges lepper veit kva som kan gleda,
munnen til urettferdige skjønar seg på svik.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på