Ordtaka 11
11
1 #
3 Mos 19,36; 5 Mos 25,13ff; Ordt 16,11; 20,10.23 Herren avskyr falsk vekt,
men han gler seg over fullvektig lodd.
2 #
13,10; 16,18 Kjem hovmod, kjem skam,
med dei audmjuke følgjer visdom.
3Rettsinn leier dei ærlege,
uærlegdom gjer ende på svikarane.
4 #
10,2; Esek 7,19 Rikdom er til inga nytte på vreidedagen,
men rettferd bergar frå døden.
5Rettferd jamnar vegen for den som er heil,
den urettferdige fell for sin eigen urett.
6Rettferd bergar dei rettskafne,
svikarar blir fanga av si eiga lyst.
7 #
Sal 112,10; Ordt 10,28 Når den urettferdige døyr, er håpet ute,
hans kraft gjev ikkje lenger von.
8 #
21,18
Den rettferdige blir berga or naud,
den urettferdige blir råka i staden.
9Den gudlause bryt ned sin neste med tunga,
dei rettferdige bergar seg ved sin forstand.
10 #
28,12.28 Går det godt for dei rettferdige, jublar byen,
går dei urettferdige til grunne, lyder glederop.
11Ved velsigning frå rettskafne blir byen bygd,
tunga til urettferdige legg han i røys.
12 #
14,21
Den vitlause viser forakt for sin neste,
den forstandige teier stilt.
13 #
3 Mos 19,16; Ordt 20,19 Den som baktalar, spreier løyndomar,
ein påliteleg held saka skjult.
14 #
15,22; 20,18; 24,6 Utan leiarar vil folket falla.
Redninga ligg i å ha mange rådgjevarar.
15 #
6,1+ Ille går det den som kausjonerer for ein framand,
den som nektar å gje handslag, er trygg.
16 #
10,4+ Ei elskeleg kvinne vinn ære,
dei flittige vinn rikdom.
17Den som er godhjarta, har gagn av det,
den hjartelause skader seg sjølv.
18 #
22,8+ Den urettferdige vinn seg ei sviktande løn,
men den som sår rettferd, ei løn som varer.
19Rettferd fører til liv,
den som jagar etter vondskap, må døy.
20 #
12,22; 15,9; 17,20 Herren avskyr eit falskt hjarte,
han gler seg over dei som er heile i si ferd.
21 #
Sal 32,10; 34,22; Ordt 12,21; 16,5 Når tida er inne, blir den vonde straffa,
men ætta til dei rettferdige går fri.
22Ei vakker kvinne utan vit
er som ein gullring i eit grisetryne.
23 #
10,28+ Dei rettferdige lengtar berre etter det gode,
dei urettferdige har vreide i vente.
24Éin strør ut og får likevel meir,
ein annan er gjerrig og endar i fattigdom.
25 #
Matt 7,2; 2 Kor 9,6 Den gåvmilde får gode dagar,
den som auser ut til andre, får rikeleg tilbake.
26Den som held på kornet sitt, blir forbanna av folket;
velsigning får den som vil selja.
27 #
5,22
Den som legg vinn på det gode, søkjer det som er til glede.
Den som strevar etter det vonde, får det over seg sjølv.
28 #
Sal 1,3; 52,10; 92,13 Den som lit på sin rikdom, fell,
dei rettferdige veks fram som lauvet.
29Den som ikkje steller sitt hus, haustar vind,
den dumme blir slave for den som er vis.
30 #
10,11; Luk 5,10 # 11,30 livsens tre >3,18. Den rettferdiges frukt er eit livsens tre,
men valdsferd tek liv.
31 #
10,6f # 11,31 Når … på jorda =Septuaginta har «Er det vanskeleg for den rettferdige å bli frelst». Jf. 1 Pet 4,18. Når den rettferdige får si løn på jorda,
kor mykje meir då ein urettferdig og ein syndar!
Markert nå:
Ordtaka 11: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.