Markus 14

14
Jesu liding og død
(Kap. 14–15)
Samansverjing mot Jesus
(Matt 26,1–5; Luk 22,1–2)
1 # 14,1 høgtida med usyra brød opphavleg ein jordbruksfest som varte ei veke og tok til med påska. =festar og høgtider. No var det berre to dagar att til påske og høgtida med usyra brød. Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne gripa Jesus med list og slå han i hel. 2«Det må ikkje gjerast under høgtida», sa dei, «for då kan det bli uro i folket.»
Jesus blir salva i Betania
(Matt 26,6–13; Joh 12,1–8)
3 # 14,3 nardussalve salve laga av rota på nardusplanta, som veks i Søraust-Asia. Jf. Høgs 1,12; 4,13f. Jesus var no i Betania, heime hos Simon den spedalske. Medan dei låg til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho braut krukka og helte salven ut over hovudet hans. 4Nokre som var der, vart arge og sa til kvarandre: «Kva skal ei slik sløsing med salve tena til? 5#14,5 denarar Ein denar svara til ei vanleg dagløn. =mynt. Salven kunne vore seld for meir enn tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige.» Og dei tala strengt til henne. 6Men Jesus sa: «Lat henne vera! Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. 7#5 Mos 15,11 Dei fattige har de alltid hos dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil, men meg har de ikkje alltid. 8#16,1; Joh 19,40 Ho gjorde det ho kunne. Ho har på førehand salva kroppen min til gravferda. 9Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»
Judas byd seg til å svika Jesus
(Matt 26,14–16; Luk 22,3–6)
10Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til overprestane og baud seg til å gje Jesus over til dei. 11Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gje han pengar. Og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.
Det siste måltidet
(Matt 26,17–25; Luk 22,7–14.21–23)
12 # 2 Mos 12,6.14ff Den første dagen i høgtida med usyra brød, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella i stand så du kan halda påskemåltid?» 13#14,13 ein mann … vatn Normalt var det kvinnene som henta og bar vatn. Då sende han to av læresveinane sine i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja, 14og der han går inn, skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?’ 15#14,15 eit stort rom ovanpå Det vart ofte innreidd eit ekstra rom oppe på det flate taket på eit vanleg hus. med teppe og puter Når dei heldt festmåltid, låg dei mannlege gjestene til bords på låge benker dekte med teppe. =bordskikkar. Då viser han dykk eit stort rom ovanpå, gjort i stand med teppe og puter. Der skal de stella til for oss.» 16Så gjekk læresveinane av stad. Dei kom inn i byen og fann det slik som han hadde sagt. Og dei gjorde i stand påskemåltidet.
17Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv. 18#Joh 13,21ff Medan dei var til bords og åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg – ein som et i lag med meg.» 19Då vart dei sorgfulle, og den eine etter den andre spurde han: «Det er vel ikkje eg?» 20#Sal 41,10#14,20 dyppar i fatet Under påskemåltidet nytta alle same skåla, m.a. til å dyppa persille i saltvatn. Jf. Joh 13,26. Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som dyppar i fatet saman med meg. 21For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»
Nattverden
(Matt 26,26–29; Luk 22,15–20)
22 # 1 Kor 11,23ff Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Ta imot, dette er min kropp.» 23Og han tok eit beger, takka og gav dei, og dei drakk alle av det. 24#2 Mos 24,8; Jes 53,12; Jer 31,31ff; Sak 9,11; Hebr 8,6+#14,24 paktblodet Blodet frå døden som ventar Jesus, blir samanlikna med blodet av offerdyret, som i den gamle pakta stadfeste forsoninga mellom Gud og menneske. Jf. 2 Mos 24,8. Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange. 25Sanneleg, eg seier dykk: Aldri meir skal eg drikka frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»
Jesus seier at Peter kjem til å fornekta han
(Matt 26,30–35; Luk 22,31–34)
26 # 14,26 lovsongen Sal 113–118, som vart sungen i to avdelingar under påskemåltidet. Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. 27#Sak 13,7 Då seier Jesus til dei: «De kjem alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg, for det står skrive:
Eg skal slå gjetaren,
og sauene skal spreiast.
28 # 16,7 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.» 29#Luk 22,33f; Joh 13,37f Då sa Peter: «Om så alle vender seg bort frå deg – eg gjer det ikkje!» 30#14,72#14,30 før hanen gjel Til vanleg høyrest dei første hanegal ved tretida om morgonen. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» 31Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle.
I Getsemane
(Matt 26,36–46; Luk 22,39–46)
32 # 14,32 Getsemane av hebr. gat-sjemani, «olivenpresse». Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!» 33#5,37+ Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru 34#Sal 42,6.12; 43,5; Joh 12,27 og sa til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!» 35Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at denne timen måtte gå han forbi, om det var råd. 36#10,38; Joh 5,30; 6,38#14,36 Abba aram. for «far». Ein slik måte å innleia ei bøn til Gud på er utan parallellar i jødisk bønespråk. Jf. òg Rom 8,15; Gal 4,6. «Abba, Far!» sa han. «Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 37Då han kom tilbake, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Makta du ikkje å vaka ein einaste time? 38#Matt 6,13#14,38 freisting kan òg omsetjast «prøving», «det å bli sett på prøve». kjøtet gr. sarks, «kjøt».=kjøt, kjøt og blod. Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 39Så gjekk han bort att og bad med dei same orda. 40Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Og dei visste ikkje kva dei skulle svara han. 41Tredje gongen kom han til dei og sa: «Søv de framleis og kviler! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 42Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»
Jesus blir teken til fange
(Matt 26,47–56; Luk 22,47–53; Joh 18,2–11)
43I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste. 44Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med sikker vakt.» 45Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa: «Rabbi!» og kyste han. 46Så la dei hand på han og tok han til fange. 47Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han. 48Men Jesus sa til dei: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. 49#Luk 19,47; 21,37; Joh 18,20 Dag etter dag var eg hos dykk på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. Men dette har hendt for at skriftene skulle oppfyllast.» 50Då forlét alle Jesus og rømde bort.
51Ein ung mann følgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han, 52men han sleppte linkledet og rømde naken.
Jesus for Det høge rådet
(Matt 26,57–68; Luk 22,54–55.63–71; Joh 18,13–14.19–24)
53Så førte dei Jesus til øvstepresten, og der kom dei saman, alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde. 54Men Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna, til han kom inn på gardsplassen hos øvstepresten. Der sette han seg mellom vaktmennene og vermde seg ved elden.
55 # 14,55 Rådet den høgste domstolen og styringsorganet hos jødane under romersk herredøme. =Rådet, Det høge rådet. Overprestane og heile Rådet prøvde å få fram vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han. 56#14,56 vitneutsegnene samsvara ikkje Rettsforskriftene i Moselova vart tolka slik at det måtte vera fullt samsvar mellom vitna i saker som kunne føra til dødsstraff. Jf. 5 Mos 17,6; 19,15; Matt 18,16. Det var mange som vitna falskt mot han, men vitneutsegnene samsvara ikkje. 57Då stod det fram nokre som vitna falskt mot han og sa: 58#15,29; Joh 2,19 «Vi har høyrt han seia: ‘Eg skal riva ned dette tempelet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.’» 59Men heller ikkje no var det samsvar mellom vitneforklaringane. 60Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Har du ikkje noko svar på skuldingane mot deg?» 61#15,5#14,61 Den velsigna jødisk omskriving for Guds namn, som dei heldt seg frå å uttala. Det same gjeld «Den mektige» i v. 62. Men Jesus tagde og svara ikkje eitt ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den velsigna?» 62#Sal 110,1; Dan 7,13; Mark 13,26#14,62 Det er eg =Jesu titlar. Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma med himmelskyene.» 63#14,63 reiv … kappa si uttrykk for sorg når Gud blir spotta. Jf. 1 Mos 37,29. =sørgjeskikkar. Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Kva skal vi med fleire vitne? 64#3 Mos 24,16 De har høyrt korleis han spottar Gud. Kva meiner de?» Alle felte den dommen at han var skuldig til å døy.
65Då tok somme til å spytta på han, og dei batt for auga hans, slo han med nevane og sa: «No kan du vera profet!» Og vaktmennene gjekk laus på han med piskeslag.
Peter fornektar Jesus
(Matt 26,69–75; Luk 22,56–62; Joh 18,15–18.25–27)
66Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestejentene hos øvstepresten. 67Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa: «Du òg var med denne Jesus frå Nasaret.» 68#14,68 Då gol hanen Orda manglar i nokre handskrifter. Men han nekta. «Eg skjønar ikkje og forstår ikkje kva du snakkar om», sa han og gjekk ut i portrommet. {{Då gol hanen.}} 69Men jenta fekk auge på han att, og sa igjen til dei som stod omkring: «Han der er ein av dei.» 70Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Jo visst er du ein av dei! Du er då galilear.» 71Men han sette i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen de snakkar om.» 72#14,30 Straks gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.

Markert nå:

Markus 14: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring