Markus 13

13
Jesus talar om tidene som skal koma
(Kap. 13)
Tempelet skal øydeleggjast
(Matt 24,1–2; Luk 21,5–6)
1Då Jesus var på veg ut frå tempelet, sa ein av læresveinane til han: «Sjå, meister, for nokre steinar og byggverk!» 2Han svara: «Ja, ser du desse veldige bygningane? Her skal ikkje liggja att stein på stein, alt skal rivast ned.»
Trengselstida tek til
(Matt 24,3–14; Luk 21,7–19)
3 # 5,37+ Då han sat på Oljeberget midt imot tempelet og Peter, Jakob, Johannes og Andreas var åleine med han, spurde dei han: 4«Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på at alt dette skal fullendast?»
5Jesus tok til orde og sa til dei: «Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill! 6#13,6 Det er eg kan òg omsetjast «Eg er». =Jesu titlar. Mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg!’ Og dei skal føra mange på villspor. 7Når de høyrer om krig og det går rykte om krig, så lat dykk ikkje skremma! Dette må henda, men enno er ikkje enden komen. 8Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv på stad etter stad, og hungersnaud. Dette er byrjinga på fødselsriene.
9 # Matt 10,17ff Men ta dykk i vare! Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane, og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar, så de kan vitna for dei. 10#16,15 Og evangeliet må først forkynnast for alle folkeslag. 11#Luk 12,11f Men når dei arresterer dykk og fører dykk for retten, så ver ikkje på førehand urolege for kva de skal seia, men sei det som blir gjeve dykk i same stund! For det er ikkje de som talar, men Den heilage ande. 12Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra og senda dei i døden. 13#Matt 10,22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Berre den som held ut til enden, skal bli frelst.
Den store trengsla
(Matt 24,15–28; Luk 21,20–24)
14 # 13,14 det motbydelege som øydelegg Jf. Dan 11,31; 12,11. I Makkabearbøkene (=kanon) blir uttrykket brukt om eit heidensk altar som syrarkongen Antiokos 4. Epifanes fekk reist framfor tempelet i Jerusalem i 168 f.Kr. Jf. 1 Makk 1,54; 2 Makk 6,2. Når de ser det motbydelege som øydelegg, stå der det ikkje skulle stå – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, rømma til fjells, 15den som er på taket, må ikkje gå ned og inn i huset og henta noko, 16og den som er ute på marka, må ikkje gå tilbake etter kappa si. 17Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 18Og be om at det ikkje må henda om vinteren! 19#Dan 12,1 For i dei dagane skal det koma ei trengselstid som det aldri før har vore, frå Gud i opphavet skapte verda og fram til no, og som det aldri meir skal bli. 20Og gjorde ikkje Herren dei dagane kortare, så vart ikkje noko menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort dei dagane kortare.
21 # Luk 17,23f Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Messias’ eller: ‘Sjå, der er han’, så tru det ikkje! 22#5 Mos 13,1ff; 2 Tess 2,9f; 1 Joh 2,18; Op 13,13 For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera teikn og under for å føra dei utvalde vill, om dei kan. 23#Joh 13,19; 14,29; 16,4 Så ver på vakt! Eg har sagt dykk alt på førehand.
Når Menneskesonen kjem
(Matt 24,29–31; Luk 21,25–28)
24 # Jes 13,10; Op 6,12ff Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal
sola formørkjast
og månen mista sitt lys.
25 Stjernene skal falla frå himmelen
og kreftene i himmelrommet bli rokka.
26 # Dan 7,13f; Sak 12,10.14; Matt 16,27; 26,64; Apg 1,11; Op 1,7 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom. 27#5 Mos 30,4; Jes 27,13; Matt 24,31; 1 Kor 15,52; 1 Tess 4,16 Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå dei fire verdshjørna, frå den ytste enden av jorda til den ytste enden av himmelen.
Lær av fikentreet
(Matt 24,32–36; Luk 21,29–33)
28 # 13,28 fikentreet Dei fleste tre i Israel er eviggrøne, men fikentreet mistar blada om hausten og skyt nye skot att seint på våren. Lær denne likninga av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 29Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser at dette hender. 30#9,1 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 31#Jes 51,6 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 32#Apg 1,7 Men dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
Vakne tenarar
(Matt 25,13–15; Luk 19,12–13)
33Ver på vakt, hald dykk vakne! For de veit ikkje når tida er inne. 34Det er som når ein mann er utanlands. Før han fór heimanfrå, overlét han ansvaret til tenarane sine. Kvar av dei fekk sitt å gjera, og til dørvaktaren sa han at han skulle vaka. 35#Matt 24,42; Luk 12,38#13,35 om kvelden … når dagen renn Dei fire tidspunkta svarar til dei fire «nattevaktene» som natta vart inndelt i. =tidsrekning. Så vak då! For de veit ikkje kva tid husherren kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel, eller når dagen renn. 36Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem. 37Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!»

Markert nå:

Markus 13: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring