Johannes 13
13
Jesus vaskar føtene til læresveinane
1 #
2,4+; 14,12.28; 16,10.28; 20,17 Det var like før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Far sin. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.
2 #
Luk 22,3; Joh 13,27 Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt gjeve Judas, son til Simon Iskariot, den tanken i hjartet at han skulle svika han. 3#3,35+; 16,28Jesus visste at Far hadde gjeve alt i hans hender, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud. 4Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. 5#1 Mos 18,3f; Luk 7,44; Joh 13,14; 1 Tim 5,10; Hebr 13,2#13,5 vaska føtene til læresveinane Det høyrde til vanleg folkeskikk å gje ein gjest høve til å få vaska føtene. Vaskinga var oftast ei oppgåve for slavar.Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet. 6Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?» 7Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.» 8«Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus. 9Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!» 10#15,3Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.» 11#6,64For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje alle reine.»
12Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13#Matt 23,8.10De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. 14#Matt 20,26ff; Luk 22,27Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. 15#Fil 2,5ff; 1 Pet 2,21Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. 16#Matt 10,24; Luk 6,40; Joh 15,20Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. 17No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.
Svikaren
(Matt 26,20–25; Mark 14,17–21; Luk 22,21–23)
18 #
Sal 41,10
# 13,18 lyfte hælen mot meg vende seg bort frå meg. Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:
Den som et mitt brød,
lyfte hælen mot meg.
19 #
2 Mos 3,14; 5 Mos 32,39; Jes 41,4; Joh 8,24; 14,29; 16,4 # 13,19 Eg er =Jesu titlar. Eg seier det til dykk no, før det hender, slik at de, når det hender, skal tru at Eg er. 20#Matt 10,40+Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»
21 #
6,71
Då Jesus hadde sagt dette, vart han opprørt i sitt indre og sa rett ut: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» 22Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven han meinte. 23#19,26; 20,2; 21,7.20#13,23 låg ved sida av >12,2.Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, låg ved sida av Jesus ved bordet. 24Simon Peter nikka til han for at han skulle spørja kven han meinte. 25Han bøygde seg då nærare inntil Jesus og sa: «Herre, kven er det?» 26Jesus svara: «Det er han som eg gjev den biten eg no dyppar.» Så dyppa han ein bit i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot. 27#13,2Då Judas hadde fått biten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.» 28Men ingen av dei andre ved bordet skjøna kva han meinte med dette. 29#12,6Sidan Judas hadde ansvar for pengekassa, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige. 30#1 Kor 11,23Med det same Judas hadde fått biten, gjekk han ut. Det var natt.
Eit nytt bod
31Då han hadde gått, sa Jesus: «No lyste Guds herlegdom om Menneskesonen, og herlegdom lyste om Gud gjennom han. 32#17,1Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han! 33#7,34; 8,21Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg, men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34#15,12f; 1 Joh 3,23Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35#Apg 4,32; 1 Joh 3,14På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»
Jesus talar om Peters fornekting
(Matt 26,33–35; Mark 14,27–31; Luk 22,31–34)
36 #
21,18f Simon Peter seier til han: «Herre, kvar går du?» Jesus svara: «Dit eg går, kan du ikkje følgja meg no, men du skal følgja meg seinare.» 37«Kvifor kan eg ikkje følgja deg no, Herre?» seier Peter, «eg vil gje livet mitt for deg.» 38Jesus svara: «Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger.
Markert nå:
Johannes 13: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.