1
Johannes 13:34-35
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»
Sammenlign
Utforsk Johannes 13:34-35
2
Johannes 13:14-15
Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.
Utforsk Johannes 13:14-15
3
Johannes 13:7
Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»
Utforsk Johannes 13:7
4
Johannes 13:16
Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han.
Utforsk Johannes 13:16
5
Johannes 13:17
No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.
Utforsk Johannes 13:17
6
Johannes 13:4-5
Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet.
Utforsk Johannes 13:4-5
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer