2. Samuelsbok 16

16
1 # 9,2.12 David hadde så vidt runda åsryggen då Siba, som var tenestemann hos Mefibosjet, kom imot han med eit par kløvesel. Dei var lasta med to hundre brød, hundre rosinkaker, hundre stykke sommarfrukt og ein skinnsekk med vin. 2Kongen sa til Siba: «Kva har du der?» Siba svara: «Esla skal kongefamilien ha til å ri på, brødet og frukta skal vera til mat for dei unge mennene, og vinen skal dei drikka, dei som går seg trøytte i ørkenen.» 3#9,4ff#16,3 son til herren din Mefibosjet, son til Jonatan og soneson til Saul. >4,4.Kongen spurde: «Men kvar er son til herren din?» Siba svara: «Han er framleis i Jerusalem. Han seier: I dag vil israelittane gje meg att kongedømet til far min.» 4Då sa kongen til Siba: «Alt det Mefibosjet eig, skal vera ditt.» Siba svara: «Eg bøyer meg djupt! Måtte eg alltid ha din velvilje, min herre konge!»
David og Sjimi
5 # 1 Kong 2,8 # 16,5 Bahurim >3,16. Då kong David nådde fram til Bahurim, kom det ein mann ut av byen. Mannen var i slekt med Saul. Han heitte Sjimi og var son til Gera. Medan han gjekk, forbanna han David. 6Og han kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigsheltane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida. 7#2 Mos 22,28Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din mordar, du vonde menneske! 8No gjev Herren deg att for alt blodet i Sauls hus. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No har ulukka ramma deg, din mordar!» 9Då sa Abisjai, son til Seruja, til kongen: «Kvifor skal denne daude hunden forbanna min herre kongen? Lat meg få gå bort og hogga hovudet av han.» 10Men kongen svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner? Når han forbannar, er det fordi Herren har sagt til han: Forbann David! Kven kan då spørja: Kvifor gjer du det?» 11Og David sa til Abisjai og alle tenarane sine: «Når min son, mitt eige kjøt og blod, står meg etter livet, kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når Herren har sagt at han det skal. 12Kanskje Herren ser til meg i mi naud og vender forbanninga denne dagen til noko godt.»
13Så gjekk David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi fjellsida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han. 14Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.
Absalom i Jerusalem
15I mellomtida var Absalom og heile hæren av israelittar komne til Jerusalem. Ahitofel var òg med. 16#1 Sam 10,24+No kom arkitten Husjai, venen til David, til Absalom og ropa: «Leve kongen! Leve kongen!» 17Absalom sa til Husjai: «Er det slik du gjer godt mot venen din? Kvifor følgde du ikkje venen din?» 18Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hos han vil eg halda meg. 19Dessutan, kven er det eg går i teneste hos? Er det ikkje hos son hans? Som eg har tent far din, så vil eg tena deg òg.»
20Då sa Absalom til Ahitofel: «No må de gje meg eit råd! Kva skal vi gjera?» 21#12,11; 15,16Ahitofel svara: «Gå inn til følgjekonene til far din, dei han lét vera att her for å sjå etter huset. Når så heile Israel får høyra at du har gjort deg hata av far din, får dei mot, alle som følgjer deg.» 22Då sette dei opp eit telt på taket for Absalom, og han gjekk inn til følgjekonene til far sin så heile Israel såg det. 23På den tid var eit råd frå Ahitofel som eit svar frå Gud. Så høgt sette dei Ahitofels råd, både David og Absalom.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på