Og David sa til Abisjai og alle tenarane sine: «Når min son, mitt eige kjøt og blod, står meg etter livet, kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når HERREN har sagt at han det skal. Kanskje HERREN ser til meg i mi naud og vender forbanninga denne dagen til noko godt.»