1
Johannes' openberring 21:4
Bibelen 2011 nynorsk
Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.»
Sammenlign
Utforsk Johannes' openberring 21:4
2
Johannes' openberring 21:5
Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»
Utforsk Johannes' openberring 21:5
3
Johannes' openberring 21:3
Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud.
Utforsk Johannes' openberring 21:3
4
Johannes' openberring 21:6
Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.
Utforsk Johannes' openberring 21:6
5
Johannes' openberring 21:7
Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son .
Utforsk Johannes' openberring 21:7
6
Johannes' openberring 21:8
Men dei som er feige og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle løgnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»
Utforsk Johannes' openberring 21:8
7
Johannes' openberring 21:1
Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir.
Utforsk Johannes' openberring 21:1
8
Johannes' openberring 21:2
Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom.
Utforsk Johannes' openberring 21:2
9
Johannes' openberring 21:23-24
Og byen treng ikkje lys frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er lyset hans. Folkeslaga skal vandra i lyset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine.
Utforsk Johannes' openberring 21:23-24
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer