Om du sluttar å trakka på sabbaten
og gjera som du vil på min heilagdag,
men kallar sabbaten ei lyst
og HERRENS heilagdag ærverdig,
om du held han i ære
og ikkje går dine eigne vegar,
gjer som du vil og talar tomme ord,
då skal du ha di lyst i HERREN.
Eg lèt deg ri over høgdene i landet
og eta av arven etter Jakob, far din.
For HERRENS munn har tala.