Jesaja 58:13-14
Jesaja 58:13-14 NO2011NN
Om du sluttar å trakka på sabbaten og gjera som du vil på min heilagdag, men kallar sabbaten ei lyst og HERRENS heilagdag ærverdig, om du held han i ære og ikkje går dine eigne vegar, gjer som du vil og talar tomme ord, då skal du ha di lyst i HERREN. Eg lèt deg ri over høgdene i landet og eta av arven etter Jakob, far din. For HERRENS munn har tala.