Då dei kom til HERRENS hus i Jerusalem, bar nokre av leiarane for familiane fram frivillige gåver til Guds hus, så det kunne reisast der det før hadde stått. Alt etter som dei hadde råd, gav dei til arbeidskassa: 61 000 gulldrakmar, 5000 sølvminer og 100 prestedrakter.