«Så seier Kyros, kongen av Persia:
HERREN, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har pålagt meg å byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda. Kven av dykk høyrer til hans folk? Gud vere med dykk, kvar og ein! De kan fara opp til Jerusalem i Juda og byggja eit hus for HERREN, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem.