Esra 2

2
Dei som vende heim frå Babel
1 # Neh 7,6ff Dette er mennene frå provinsen Juda som drog opp frå fangenskapet i eksil. Babel-kongen Nebukadnesar hadde ført dei i eksil til Babel, men no vende dei heim til Jerusalem og Juda, kvar til sin by. 2#2,2 Serubabel soneson til kong Jojakin. Saman med øvstepresten Josva arbeidde han med å gjenreisa tempelet (jf. 3,2f.8). Det knytte seg store messianske voner til han fordi han var davidsætling. Jf. 1 Krøn 3,19; Hag 2,20–23; Sak 4,1–7.Dei kom saman med Serubabel, Josva, Nehemja, Seraja, Reelaja, Mordekai, Bilsjan, Mispar, Bigvai, Rehum og Baana.
Dette er talet på mennene frå Israelsfolket: 3etterkomarar av Parosj 2172, 4av Sjefatja 372, 5av Arah 775, 6av Pahat-Moab, altså av Josva og Joab, 2812, 7av Elam 1254, 8av Sattu 945, 9av Sakkai 760, 10av Bani 642, 11av Bebai 623, 12av Asgad 1222, 13av Adonikam 666, 14av Bigvai 2056, 15av Adin 454, 16av Ater, altså av Hiskia, 98, 17av Besai 323, 18av Jora 112, 19av Hasjum 223, 20av Gibbar 95. 21Menn frå Betlehem 123, 22frå Netofa 56, 23frå Anatot 128, 24frå Bet-Asmavet 42, 25frå Kirjat-Jearim, Kefira og Beerot 743, 26frå Rama og Geba 621, 27frå Mikmas 122, 28frå Betel og Ai 223, 29frå Nebo 52. 30Etterkomarar av Magbisj 156, 31#2,7av den andre Elam 1254, 32av Harim 320. 33Menn frå Lod, Hadid og Ono 725, 34frå Jeriko 345. 35Etterkomarar av Senaa 3630.
36Prestane: etterkomarar av Jedaja, frå Josvas hus, 973, 37av Immer 1052, 38av Pasjhur 1247, 39av Harim 1017.
40Levittane: etterkomarar av Josva og Kadmiel, altså av Hodavja, 74.
41Songarane: etterkomarar av Asaf 128.
42Portvaktene: etterkomarar av Sjallum, Ater, Talmon, Akkub, Hatita og Sjobai, 139 i alt.
43Tempeltenarane: etterkomarar av Siha, Hasufa, Tabbaot, 44Keros, Siaha, Padon, 45Lebana, Hagaba, Akkub, 46Hagab, Sjalmai, Hanan, 47Giddel, Gahar, Reaja, 48Resin, Nekoda, Gassam, 49Ussa, Paseah, Besai, 50Asna, me'unittane og nefusittane, 51Bakbuk, Hakufa, Harhur, 52Baslut, Mehida, Harsja, 53Barkos, Sisera, Tamah, 54Nesiah og Hatifa. 55Etterkomarane av Salomos tenarar: av Sotai, Hassoferet, Peruda, 56Jaala, Darkon, Giddel, 57Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Ami. 58Tempeltenarane og etterkomarane av Salomos tenarar var i alt 392.
59Dette er dei som drog tilbake frå Tel-Melah, Tel-Harsja, Kerub, Addan og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til: 60etterkomarar av Delaja, Tobia og Nekoda 652, 61#2 Sam 19,31ffog etterkomarar av prestane av Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og teke deira namn. 62Dei leita etter slektsregistra sine, men fann dei ikkje. Difor vart dei rekna for uverdige til prestetenesta. 63#3 Mos 2,3#2,63 urim og tummim heilage gjenstandar som vart brukte til å kasta lodd med for å finna Guds vilje. >2 Mos 28,30. =prest.Statthaldaren forbaud dei å eta av det høgheilage til det stod fram ein prest med urim og tummim.
64Heile forsamlinga var i alt 42 360. 65I tillegg kom dei 7337 mannlege og kvinnelege slavane, dessutan 200 mannlege og kvinnelege songarar. 66Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr, 67435 kamelar og 6720 esel.
68Då dei kom til Herrens hus i Jerusalem, bar nokre av leiarane for familiane fram frivillige gåver til Guds hus, så det kunne reisast der det før hadde stått. 69Alt etter som dei hadde råd, gav dei til arbeidskassa: 61 000 gulldrakmar, 5000 sølvminer og 100 prestedrakter.
70Prestane og levittane busette seg i sine eigne byar saman med nokre av folket, songarane, portvaktene og tempeltenarane, og heile Israel busette seg i sine byar.

Markert nå:

Esra 2: NO2011NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på