1
1. Korintar 12:7
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode.
Sammenlign
Utforsk 1. Korintar 12:7
2
1. Korintar 12:27
Men de er Kristi kropp, og kvar av dykk ein lem på han.
Utforsk 1. Korintar 12:27
3
1. Korintar 12:26
For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem blir æra, gleder alle dei andre seg.
Utforsk 1. Korintar 12:26
4
1. Korintar 12:8-10
For ved Anden blir det gjeve den eine å forkynna visdom, den andre å forkynna kunnskap ved den same Anden. Éin får ei særskild tru ved den same Anden, ein annan nådegåver til å lækja ved den eine Anden. Éin får gåva å gjera mektige gjerningar, éin å tala profetisk, ein annan å prøva ånder. Éin får gåva å tala ulike tunger, ein annan får tyding av tungene.
Utforsk 1. Korintar 12:8-10
5
1. Korintar 12:11
Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil.
Utforsk 1. Korintar 12:11
6
1. Korintar 12:25
så det ikkje skal vera strid i kroppen, men at lemene skal ha same omsorg for kvarandre.
Utforsk 1. Korintar 12:25
7
1. Korintar 12:4-6
Nådegåvene er ulike, men Anden er den same. Tenestene er ulike, men Herren er den same. Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle.
Utforsk 1. Korintar 12:4-6
8
1. Korintar 12:28
I kyrkja har Gud for det første sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, deretter gåva å gjera mektige gjerningar, deretter nådegåver til å lækja, til å hjelpa, til å leia og til å tala i ulike tunger.
Utforsk 1. Korintar 12:28
9
1. Korintar 12:14
For kroppen er heller ikkje éin lem, men mange.
Utforsk 1. Korintar 12:14
10
1. Korintar 12:22
Tvert imot! Dei lemene på kroppen som synest vera veikast, kan vi ikkje vera utan.
Utforsk 1. Korintar 12:22
11
1. Korintar 12:17-19
Om heile kroppen var auge, kvar vart det då av høyrsla? Om alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen? Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på kroppen, så som han ville det. Om dei alle var éin lem, kvar vart det då av kroppen?
Utforsk 1. Korintar 12:17-19
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer