Johannes 5

5
Jesus lækjer ein sjuk mann attmed Betesda-dammen på ein sabbat, 1-15; jødane skuldar han for å brjota helgi og å spotta Gud, 16-18. Han forsvarar seg med di han vitnar um sitt høve til Faderen og um den guddomlege makti og herlegdomen sin, 19-30, viser til det vitnemålet Faderen hev gjeve han gjenom dei gjerningane han gjer, og i dei heilage skriftene, 31-40, og refser vantrui åt jødane, 41-47.
1Ei tid etterpå var det ei av høgtidene åt jødane, og Jesus for upp til Jerusalem.#5 Mos 16,16 2Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda, med fem sulehallar kringum;#Neh 3,1 3i dei låg det ei heil mengd med sjuke, blinde, halte, nomne. 4For ein engel for frå tid til tid ned i dammen og rørde upp vatnet, og den fyrste som då steig uti etter at vatnet var upprørt, han vart frisk, kva sjukdom han so leid av. 5No var det der ein mann som hadde dregest med sjukdomen sin i åtte og tretti år. 6Då Jesus såg han liggja der, og fekk vita at han hadde vore sjuk i lang tid, sa han til han: Vil du verta frisk? 7Herre, svara den sjuke, eg hev ingen som kann kasta meg ut i dammen når vatnet tek til å rørast, og medan eg er på vegen, stig ein annan ned fyre meg. 8Jesus segjer til han: Statt upp, tak sengi di og gakk!#Matt 9,6; Apg 9,34 9Og straks vart mannen frisk, og tok sengi si og gjekk. Det var ein sabbat dette hende; 10difor sa jødane til den som hadde vorte lækt: Det er sabbat! Du hev ikkje lov til å bera sengi.#2 Mos 20,8.10; Jer 17,21-27 11Han svara: Han som gjorde meg frisk, han sa til meg: Tak sengi di og gakk! 12Dei spurde han: Kva var det for ein mann som sa til deg: Tak sengi di og gakk! 13Men den som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var; for Jesus hadde drege seg undan, av di det var so mykje folk der på staden. 14Sidan fekk Jesus sjå han i templet og sa til han: No hev du fenge att helsa di. Synda no ikkje meir! elles kunde det henda deg noko verre! 15Mannen gjekk av stad og sa med jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk. 16Og difor forfylgde jødane Jesus, sidan han gjorde slikt på ein sabbat. 17Han svara dei: Far min arbeider til no; eg arbeider og.#Joh 5,19 18Difor var jødane endå meir huga på å drepa han, sidan han ikkje berre braut helgi, men jamvel kalla Gud Far sin og gjorde seg sjølv lik med Gud.#Joh 10,33 19So tok Jesus til ords og sa til dei: Det segjer eg dykk for visst og sant: Sonen kann ingen ting gjera av seg sjølv, anna enn det han ser Faderen gjer; for det han gjer, det gjer Sonen og like eins.#Joh 5,30; 8,38 20For Faderen elskar Sonen, og syner han alt det han gjer sjølv, og han skal syna han større verk enn desse, so de skal koma til å undrast.#Joh 3,35 21For liksom Faderen vekkjer upp dei daude og gjev dei liv, soleis gjev Sonen og liv åt kven han vil. 22For Faderen dømer ikkje heller nokon, men hev gjeve heile domen yver til Sonen,#Joh 17,2; Apg 17,31; 2 Kor 5,10 23so alle skal æra Sonen som dei ærar Faderen. Den som ikkje ærar Sonen, ærar ikkje Faderen, som hev sendt han.#1 Joh 2,23 24Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som høyrer mitt ord og trur den som sende meg, han hev æveleg liv og kjem ikkje for domen, men hev gjenge yver frå dauden til livet.#Joh 3,18 25Det segjer eg dykk for visst og sant: Det kjem ei tid, ja ho hev alt kome, då dei daude skal høyra røysti åt Guds Son, og dei som lyder på henne, skal leva.#Op 3,1; Ef 2,1-5 26For liksom Faderen hev liv i seg sjølv, so gav han og Sonen den gåva at han hev liv i seg sjølv; 27og han gav han fullmakt til å halda dom, av di han er ein menneskeson.#Joh 5,22; Apg 17,31 28De må ikkje undrast på det! For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst,#1 Kor 15,52 29og dei skal koma ut; dei som hev gjort godt, skal standa upp til liv, og dei som hev gjort vondt, skal standa upp til dom.#Dan 12,2; Matt 25,46 30Eg kann ikkje gjera noko av meg sjølv; eg dømer etter det eg høyrer, og domen min er rettferdig; for eg gjeng ikkje etter min eigen vilje, men etter hans vilje som sende meg.#Joh 5,19; 6,38 31Dersom eg vitnar um meg sjølv, so sæter ikkje vitnemålet mitt.#Joh 8,13; 5 Mos 19,15 32Det er ein annan som vitnar um meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant. 33De hev sendt bod til Johannes, og han hev vitna for sanningi.#Joh 1,19-34 34Men eg tek ikkje mot vitnemål av noko menneske; dette nemner eg berre av di eg gjerne vil de skal frelsast. 35Han var ljoset som brann og skein, og de hadde hug til å gleda dykk eit bel i ljoset hans. 36Men eg hev eit vitnemål som er større enn det frå Johannes; for dei verki som Far min hev gjeve meg og vil eg skal fullføra, sjølve dei verki eg gjer, vitnar um meg at Faderen hev sendt meg.#Joh 3,2; 10,25; 14,11 37Og Faderen, som sende meg, hev sjølv vitna um meg. Hans røyst hev de aldri høyrt, og hans skapnad hev de aldri set,#2 Mos 33,20; 1 Tim 6,16; 1 Joh 4,12 38og hans ord ber de ikkje i hjarta dykkar; for den han sende, han trur de ikkje. 39De granskar skriftene av di de tenkjer at de hev eit æveleg liv i dei, og dei er det som vitnar um meg.#Luk 24,27; Joh 1,46 40Og endå vil de ikkje koma til meg, so de kann få liv. 41Eg tek ikkje mot æra av menneske, 42men eg kjenner dykk og veit at de ikkje hev kjærleiken til Gud i dykk. 43Eg er komen i Far min's namn, og de tek ikkje imot meg; kjem ein annan i sitt eige namn - han tek de imot! 44Korleis kann de tru, de som tek imot æra av kvarandre, men ikkje søkjer den æra som kjem frå den einaste Gud?#Joh 12,43; Rom 2,29 45De må ikkje tenkja eg vil klaga dykk for Far min! Det er ein som klagar dykk, Moses, han som de hev sett dykkar von til. 46For trudde de Moses, so trudde de meg; for det er meg han hev skrive um.#1 Mos 3,15; 22,18; 49,10; 5 Mos 18,15.18 47Men når de ikkje trur hans skrifter, korleis skal de då tru mine ord?

Nu geselecteerd:

Johannes 5: NO1938N

Markering

Deel

Kopiëren

None

Wil je jouw markerkingen op al je apparaten opslaan? Meld je aan of log in