Apostelgjerningane 16

16
Paulus tek med seg Timoteus og, som han råkar i Lystra, 1-5. Den heilage Ande let ikkje dei tri apostoliske trudomsvitni få verka lenger i Litle-Asia, men dei vert ved ei syn kalla yver til Europa, 6-10. Her forkynner dei evangeliet i Filippi; Paulus og Silas vert sette i fengsel, men Gud friar dei ut; fangevaktaren vert umvend, og Paulus og fylgjesmennene hans dreg frå Filippi, 11-40.
1So kom han til Derbe og til Lystra. Der var det ein læresvein som heitte Timoteus; han var son åt ei truande jødisk kvinna og ein gresk mann#1 Kor 4,17; Fil 2,19-24 2og hadde godt lov av brørne i Lystra og Ikonium. 3Han vilde Paulus hava med seg på ferdi, og han tok og umskar han for skuld jødane som budde i dei bygdene; for alle visste at far hans var grekar. 4Medan dei då for frå by til by, la dei brørne på hjarta å halda seg etter dei avgjerdene som apostlane og dei eldste i Jerusalem hadde teke.#Apg 15,20.29 5So vart no kyrkjelydane styrkte i trui, og auka i tal for kvar dag. 6Sidan for dei gjenom Frygia og Galatarlandet; for den Heilage Ande hadde hindra dei frå å tala ordet i Asia. 7Då dei var komne burtimot Mysia, freista dei å fara til Bitynia, men Jesu Ande gav dei ikkje lov. 8So for dei utanum Mysia og kom ned til Troas. 9Um natti hadde Paulus ei syn: Det stod ein makedonisk mann og bad han: Kom yver til Makedonia og hjelp oss! 10Etter han hadde havt den syni, freista me straks å koma av stad til Makedonia; for me kunde skyna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet for dei. 11So la med då ut frå Troas og siglde beint til Samotrake, og dagen etter til Neapolis; 12derifrå for me til Filippi, som er den fyrste byen i den luten av Makedonia og ein romersk koloni. Me vart verande ei tid der i byen. 13På sabbatsdagen gjekk me utanfor porten, til ei elv der dei var vane å samlast til bøn, og me sette oss og tala til kvinnone som var komne saman. 14Der var ei kona frå Tyatira som heitte Lydia og handla med purpur - ei av dei som dyrka Gud etter jødetrui. Ho lydde på oss, og Herren opna hjarta hennar, so ho ansa etter det Paulus tala. 15Då so ho og huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: So sant de held meg for å vera ei som trur på Herren, so kom heim i huset mitt og gjev dykk til der! Og ho nøydde oss til me gjorde det.#Hebr 13,2; Luk 24,29 16Ein dag som me var på veg til bønestaden, møtte me ei tenestgjenta som hadde ei spådomsånd i seg, og tente mange pengar for husbondsfolket sitt med å spå. 17Ho fylgde etter Paulus og oss andre og ropa: Desse mennene er tenarar åt den høgste Gud, og dei lærer dykk vegen til frelsa!#Mark 1,24 18So gjorde ho mange dagar etter einannan. Då vart Paulus harm; han snudde seg og sa til åndi: Eg segjer deg i Jesu Kristi namn at du skal fara ut or henne! Og i same stundi for ho ut.#Mark 16,17 19Då husbondsfolket åt gjenta såg at dei ikkje lenger kunde hava von um å tena pengar på henne, tok dei fat på Paulus og Silas og drog dei med seg til torget, til rådstova, 20førde dei fram for styresmennene og sa: Desse mennene veld stor uro i byen vår; dei er jødar, 21og vil læra oss skikkar som me ikkje hev lov til å godtaka eller fylgja, me som er romarar. 22Folkemugen yppa seg og imot dei. Då let styresmennene folki sine riva klædi av dei og piska dei;#2 Kor 11,25; 1 Tess 2,2 23dei gav dei mange piskeslag, og sette dei so i fengsel og sa til fangevaktaren at han laut taka vel vare på dei. 24Då han fekk so strenge pålegg, tok han dei inn i det inste fangeromet og sette føtene deira fast i stokken. 25Midnattsbel heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Guds pris, og fangane lydde på dei. 26Då vart det brått ein sterk jordskjelv, so grunnvollen åt fengslet ristest; og med ein gong spratt alle dørene upp, og lekkjone losna av alle fangane.#Apg 5,19; 12,7.10 27Fangevaktaren for upp or svevnen, og då han såg at dørene til fengslet stod opne, drog han sverdet og vilde drepa seg; for han trudde fangane hadde rømt. 28Men Paulus ropa med høg røyst: Gjer deg ikkje noko vondt! Me er her alle. 29Då bad han um ljos og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas; 30og han leidde dei ut og sa: Kva skal eg gjera, herrar, so eg kann verta frelst?#Apg 2,37; Luk 3,10 31Tru på Herren Jesus, svara dei, so skal du verta frelst, både du og huslyden din.#Joh 3,16.36; 6,47; 1 Joh 5,10 32So tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans. 33Og i denne same nattestundi tok han dei med seg og tvo dei etter slagi dei hadde fenge. Straks etter vart han døypt med alle sine. 34Sidan fylgde han dei upp i heimen sin og stelte til ei måltid, og var hjarteglad for di han og alt folket hans var komne til trui på Gud. 35Då det vart dag, sende styresmennene sveinane sine av stad med det bodet at dei skulde sleppa mennene fri. 36Fangevaktaren fortalde det til Paulus og sa: Styresmennene hev sendt bod at de skal sleppast fri. So kom no ut og far dykkar veg i fred! 37Men Paulus sa til dei: Dei hev hudflengt oss midt i folkeaugo forutan lov og dom, me som er Roma-borgarar; so hev dei sett oss i fengsel, og no vil dei jaga oss burt i løynd! Nei, dei skal sjølve koma og taka oss ut!#Apg 22,25-29 38Sveinane bar desse ordi attende til styresmennene, og då dei høyrde at dei var Roma-borgarar, vart dei redde; 39dei kom og tala vel med dei, og fylgde dei ut og bad at dei vilde fara burt frå byen. 40Då dei var komne ut or fengslet, gjekk dei heim til Lydia. Sidan helsa dei på brørne og gav dei påminningar, og tok so av stad.

ハイライト

シェア

コピー

None

すべてのデバイスで、ハイライト箇所を保存したいですか? サインアップまたはサインインしてください。

Apostelgjerningane 16のビデオ