Apostelgjerningane 17
17
Paulus forkynner evangeliet i Tessalonika, men jødane hatar han og fær drive han derifrå, 1-9. Same lagnaden fær han i Berøa, 10-14. Han kjem til Aten; her vitnar han um Gud, han som hev skapt og styrer verdi, og um domen yver verdi ved Kristus, men vitnemålet hans vinn liten inngang, 15-34.
1Dei la vegen um Amfipolis og Apollonia, og kom so til Tessalonika. Der hadde jødane ei synagoga.#1 Tess 2,1-2 2Paulus gjekk inn til dei, som han var van med, og tri sabbatsdagar hadde han samtale med dei ut ifrå skriftene, 3og forklåra og la ut for dei at Messias laut lida og standa upp frå dei daude, og sa: Det er han, den Jesus som eg forkynner, som er Messias.#Sal 22,7; Jes 53,3-6 4Sume av dei vart yvertydde og slo lag med Paulus og Silas, og so var det og med ein stor flokk av dei grekarane som dyrka Gud, og ikkje få av dei gjævaste kvinnone. 5Då vart jødane fulle av åbryskap; dei tok med seg nokre låke folk av dei som gjekk og slong i gatone, og fekk laga eit upplaup, so dei sette byen i uro. So stelte dei seg upp utanfor huset åt Jason og vilde få dei ut til folket; 6men då dei ikkje fann dei, drog dei Jason og nokre av brørne fram for byrådet og ropa: No er dei komne hit og, desse som hev sett heile verdi i upprør,#Apg 16,20; 24,5 7og Jason hev teke imot dei. Dei gjer alle tvert imot bodi åt keisaren og segjer at ein annan, ein som heiter Jesus, er konge.#Luk 23,2; Joh 19,12 8Då ålmugen og byrådet høyrde det, vart dei forstøkte, 9og dei let ikkje Jason og dei andre få ganga fyrr dei hadde gjenge i borg for dei. 10Straks den fyrste natti sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei burt i synagoga åt jødane. 11Det folket var meir gjævlyndt enn dei i Tessalonika; dei tok imot ordet med stor godhug, og ransaka dagleg i skriftene um det hadde seg so, det som var sagt.#Luk 16,29; Joh 5,39 12Mange av dei kom då til trui, og ikkje få av dei gjævaste greske kvinnone og mennene. 13Men då jødane i Tessalonika fekk spurt at Paulus forkynte Guds ord i Berøa og, kom dei dit med og sette ålmugen i uro og øste dei upp.#1 Tess 2,14 14Då sende brørne straks Paulus av stad på vegen til sjøen; men Silas og Timoteus vart att i Berøa. 15Dei som fylgde Paulus, var med han alt til Aten, og for so heim att med det bodet til Silas og Timoteus at dei skulde koma til han snarast råd var.#1 Tess 3,1 16Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han harm i hugen då han såg at byen var yverfyllt med avgudsbilete. 17I synagoga rødde han no med jødane og dei som dyrka Gud, og på torget kvar dag med kven han råka. 18Nokre epikureiske og stoiske visdomslærarar gav seg då og i ordskifte med han, og sume sa: Kva kann han vel meina, denne skravlaren? andre: Det er likt til at han er ein som ber ut bod um framande guddomar - det var av di han forkynte evangeliet um Jesus og uppstoda.#1 Kor 4,12-13 19So tok dei fat i han og hadde han med seg upp på Areopagus, og sa: Kann me få vita kva dette er for ei ny læra du kjem med? 20Det er då underlege ting du let oss få høyra; difor vilde me gjerne få vita korleis det kann hava seg med dette. 21For korkje atenarane sjølve eller dei framande som heldt til der, gav seg stunder til anna enn å fortelja eller spyrja nytt. 22So steig Paulus fram midt på Areopagus og sa: Atenske menn! I alle måtar ser eg at de er umfram ihuga i gudsdyrkingi dykkar; 23for då eg gjekk ikring og skoda heilagdomane dykkar, fann eg og eit altar som det stod skrive på: Åt ein ukjend gud. Det som de no dyrkar endå de ikkje kjenner det, det er det eg ber bod til dykk um. 24Gud som hev skapt verdi og alt som i henne er, han som er herre yver himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er gjorde med hender,#1 Mos 1,1; Sal 124,8; 146,6-9; 2 Krøn 6,18; Jes 66,1 25og let seg ikkje tena av menneskehender, liksom han skulde turva noko, han som sjølv gjev alle liv og ande og alt!#Sal 50,12-13; 1 Mos 2,7; Job 33,4 26Han lét alle folkeslag av eitt blod busetja seg yver heile jordkringen, og skipa visse tidebolkar for dei og landskil millom bustadene deira,#5 Mos 32,8 27so dei skulde leita etter Gud, um det kunde lukkast for dei å kjenna seg fram til han og finna han, endå han er ikkje langt burte frå nokon ein av oss;#Jes 55,6; Jer 23,23 28for i han er det me lever og rører oss og er til, som og nokre av skaldane dykkar hev sagt: For me er og ætti hans eigi.#Job 10,12 29Er me då Guds ætt, so må me ikkje tru at guddomen hev nokon likskap med gull eller sylv eller stein, som menneskekunst og mennesketanke hev laga til eit bilete.#Jes 40,18-26 30Fyrr hev Gud havt tol med vankunne-tidene, men no sender han menneski det bodet at alle, kvar dei so er, skal venda um,#Apg 14,16; Luk 24,47 31etter di han hev sett ein dag då han vil lata ein mann som han hev kåra til det, døma verdi med rettferd; og det hev han prova for alle med å reisa han upp frå dei daude.#Joh 5,22; Apg 10,42 32Då dei høyrde han segja at daude folk kunde standa upp att, var det sume som spotta, men andre sa: Me vil gjerne få høyra meir av deg um dette ein annan gong.#1 Kor 1,23 33So skildest Paulus ifrå dei. 34Men det var nokre menn som heldt seg innåt han og tok trui, millom dei Dionysius, ein av Areopagus-domarane, og ei kvinna som heitte Damaris, og nokre fleire.
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2