Apostelgjerningane 15

15
Nokre jødekristne lærer at dei heidningkristne lyt verta umskorne; kyrkjelyden i Antiokia sender Paulus og Barnabas til Jerusalem til å dryfta denne saki med apostlane og dei eldste, 1-3. Apostlane og dei eldste i Jerusalem held møte um saki; etter eit langt ordskifte vedtek dei at dei heidningkristne ikkje skal tvingast til å lata seg umskjera og til å halda Moselovi, men at dei skal halda seg frå visse ting som serleg var til støyt for dei jødekristne; dette vert kunngjort skriftleg for kyrkjelyden i Antiokia, 4-34. Paulus og Barnabas fer attende til Antiokia saman med Judas og Silas; Paulus vil taka ut på ei ny ferd; Barnabas skil lag med han. Paulus tek Silas til fylgjesvein og dreg ut saman med han på si andre misjonsferd, 35-41.
1So kom det nokre ovantil Judea og lærde brørne: Dersom de ikkje let dykk umskjera etter den seden som Moses hev skipa, kann de ikkje verta frelste.#Gal 5,2; Fil 3,3 2Det vart ikkje lite tvist og ordkast millom dei og Paulus og Barnabas; men so tok dei den rådi at Paulus og Barnabas og nokre andre av dei skulde fara upp til apostlane og dei eldste i Jerusalem og leggja spursmålet fram for dei.#Gal 2,1 3Kyrkjelyden fylgde dei eit stykke på veg; sidan for dei gjenom Fønikia og Samaria, og kvar dei kom, fortalde dei korleis heidningane hadde vendt um til Gud, og gjorde med det alle brørne ei stor gleda. 4Då dei kom fram til Jerusalem, vart dei fagna av kyrkjelyden og apostlane og dei eldste, og sa frå um kor store ting Gud hadde hjelpt dei til å gjera.#Apg 14,23.27 5Då reiste det seg nokre av farisearflokken som hadde teke trui, og sa: Dei lyt umskjerast og segjast fyre at dei skal halda Mose-lovi. 6So kom apostlane og dei eldste saman og skulde dryfta saki, 7og det vart eit drjugt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: Brør, de veit at Gud for lang tid sidan valde ut ein millom dykk - han vilde at heidningane gjenom min munn skulde få høyra evangelie-ordet og koma til trui.#Apg 10,5; 11,18 8Og Gud, som kjenner alle hjarto, vitna for dei, med di han gav den Heilage Ande åt dei so vel som åt oss;#Apg 1,24; 10,44.47 9han gjorde ikkje i nokon måte skil på oss og dei, med di han ved trui reinsa hjarto deira.#Apg 11,17; 26,18 10Kvi vil de då no freista Gud og leggja eit åk på nakken åt læresveinane som korkje federne våre eller me sjølve orka å bera?#Matt 23,4; Rom 3,20 11Nei, det er ved Herren Jesu nåde me trur at me vert frelste, me liksom dei.#Rom 3,24; 2 Kor 8,9 12Då tagde heile flokken og lydde på Barnabas og Paulus medan dei fortalde um alle dei teikn og under Gud hadde hjelpt dei til å gjera millom heidningane. 13Då dei hadde tagna, tok Jakob til ords og sa: Brør, høyr på meg! 14Simeon hev greidt ut korleis Gud alt ifrå det fyrste hev sytt for å få seg eit folk av heidningar som skulde bera hans namn. 15Og det høver vel med ordi åt profetane, soleis som det stend skrive:#Am 9,11-12 16Sidan vil eg koma att ein gong og byggja upp att Davids falne hytta; det som ligg nedvelt, vil eg byggja upp att, og reisa huset hans på nytt, 17so alle andre folk skal søkja Herren, ja alle heidningfolki som vert kalla med mitt namn. So segjer Herren som gjer dette, 18det som han og veit um frå ævords tid. 19Difor held eg fyre at me ikkje skal gjera det for tungt for dei av heidningane som vender um til Gud, 20men skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er sulka med avgudsdyrking, og frå lauslivnad og frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå blod.#1 Kor 10,14.20; 1 Tess 4,3; 3 Mos 3,17; 17,14; 5 Mos 12,23 21For Moses hev frå gamal tid i alle byar dei som forkynner han - kvar sabbat vert han upplesen i synagogone.#Apg 13,15 22Då tok dei den rådi, apostlane og dei eldste, og saman med dei heile kyrkjelyden, at dei vilde velja ut nokre menn millom seg og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas som vart kalla Barsabbas, og Silas - båe desse var høgvyrde menn millom brørne - 23og gav dei eit brev med, som lydde so: Apostlane og eldstebrørne helsar brørne av heidningfolki i Antiokia og Syria og Kilikia. 24Etter di me hev høyrt at nokre som kom frå oss, hev gjort dykk rådville med ordi sine og sett uro i sjelene dykkar - frå oss hadde dei ingi fullmakt -#Gal 2,4 25so hev me samstelte teke den rådi å velja ut nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus, 26menn som hev våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn. 27So sender me då Judas og Silas; dei skal og med sin munn bera bod um det same. 28For den Heilage Ande og me hev teke ved at det ikkje skal leggjast på dykk andre tyngslor enn dette som er naudsynt: 29at de lyt halda dykk ifrå avgudsoffer og blod og kjøt av dyr som er strøypte, og lauslivnad. Tek de dykk stødt i vare for det, vil de hava det godt. Lev vel! 30So sende dei mennene i veg, og dei kom til Antiokia. Der kalla dei i hop heile kyrkjelyden og gav dei brevet. 31Dei las det, og vart glade for den trøysti det gav.#Apg 13,48 32Judas og Silas, som sjølve var profetar, trøysta brørne med mange ord og styrkte dei. 33Då dei hadde vore der ei tid, let brørne dei få fara heim att til dei som hadde sendt dei, og ynskte dei lukka på ferdi; 34men Silas rådde seg til å vera att. 35Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og lærde og forkynte Herrens ord i evangeliet i lag med mange andre. 36Men då det leid um ei tid, sa Paulus til Barnabas: Kom, lat oss fara attende til alle dei byane der me hev forkynt Herrens ord, og sjå til brørne der, korleis dei hev det! 37Barnabas vilde taka Johannes og med, han som dei kalla Markus;#Apg 12,12.25; 13,5 38men Paulus tykte ikkje dei skulde taka han med, han som hadde skilt lag med dei i Pamfylia og ikkje hadde fylgt dei til arbeidet deira.#Apg 13,13 39Det vart ein kvass strid millom dei, so dei skildest frå kvarandre. Barnabas tok Markus med seg og siglde av stad til Kypern; 40men Paulus valde Silas til sin fylgjesvein og tok i veg, etter at brørne hadde bede Guds nåde yver han. 41Han for igjenom Syria og Kilikia og styrkte kyrkjelydane.

ハイライト

シェア

コピー

None

すべてのデバイスで、ハイライト箇所を保存したいですか? サインアップまたはサインインしてください。

Apostelgjerningane 15のビデオ