1. Mosebok 9
9
Guds pakt med Noah
1Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «De skal veksa og aukast og fylla jorda. #1,28 2Otte og age skal dei kjenna for dykk, alle dyra på jorda, alle fuglane under himmelen, alt som rører seg på marka, og alle fiskane i havet; de skal ha rådvelde over dei. 3Alt som lever og rører seg, skal vera til føde for dykk. Liksom eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette. #1,29 4Men kjøt med blod i, det som livet er knytt til, skal de ikkje eta. #3 Mos 17,10ff; 5 Mos 12,23; Apg 15,20.29 5Berre for dykkar blod vil eg krevja hemn. Eg vil krevja både dyr og menneske til rekneskap. Eg vil krevja kvar mann til rekneskap når han tek livet av nesten sin.
6Den som tek menneskeblod,
hans blod skal menneske ta;
for i sitt bilete ¬skapte Gud mennesket #1,26f+; 2 Mos 21,12; 3 Mos 24,17; 4 Mos 35,16
7Men de skal veksa og aukast,
myldra på jorda ¬og verta mange der.»
8Så sa Gud til Noah og sønene hans: 9«No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar 10og med kvar levande skapning hjå dykk, både fuglar og fe og alle villdyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arka, alle dyr på jorda. 11Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt som lever, tynast av storflaumen; aldri meir skal det koma ein flaum som legg jorda i øyde.»#8,21; Jes 54,9
12Og Gud sa:
«Dette er teiknet ¬på pakta eg skipar
mellom meg og dykk
og kvar levande skapning ¬som hjå dykk er,
for ætter som kjem i alle tider:
13Eg set bogen min i skyene;
han skal vera eit teikn på pakta
mellom meg og jorda.
14Når eg samlar skyer over jorda,
og bogen syner seg i skyene,
15då skal eg koma i hug den pakta
som er mellom meg og dykk
og kvar levande skapning.
Aldri meir skal vatnet verta
til ein storflaum ¬som tyner alt liv.
16Bogen skal koma i skyene;
eg skal sjå han og minnast
den pakta som alltid skal vera
mellom Gud ¬og kvar levande skapning
som rører seg på jorda.»
17Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg skipar mellom meg og alt liv som finst på jorda.»
Noah og sønene hans
18Noah-sønene som gjekk ut or arka, var Sem, Kam og Jafet. Kam var far til Kanaan. 19Desse tre var sønene til Noah, og frå dei breidde menneska seg ut over heile jorda.
20Noah dyrka jorda, og han var den fyrste som planta ein vingard. 21Då han drakk av vinen, vart han drukken og kledde seg naken inne i teltet. 22Kam, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han gjekk ut og fortalde det til dei to brørne sine. 23Då tok Sem og Jafet ei kappe og la over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og breidde over far sin. Dei vende andletet bort, så dei ikkje såg far sin naken. 24Då Noah vakna av rusen og fekk vita kva den yngste sonen hadde gjort mot han, 25sa han:
«Forbanna vere Kanaan,
den ringaste trælen ¬for brørne sine!»
26Og han sa:
«Lova vere Herren, Sems Gud!
Kanaan skal vera hans træl!
27Måtte Gud ¬gjera Jafets land stort!
Han skal bu i Sems telt,
og Kanaan skal vera hans træl.»
28Etter storflaumen levde Noah endå 350 år. 29Heile levetida åt Noah vart 950 år. Så døydde han.
Attualmente Selezionati:
1. Mosebok 9: N78NN
Evidenziazioni
Condividi
Copia
Vuoi avere le tue evidenziazioni salvate su tutti i tuoi dispositivi?Iscriviti o accedi
© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 1978, 1985 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).