1. Mosebok 6
6
Vondskapen åt menneski aukar; Gud vil rydja dei ut av jordi; Noah finn nåde hjå Herren, 1-8. Noah er rettferdig, men alt kjøt hev skjemt seg ut med si åtferd på jordi, 9-12. Gud segjer til Noah at han vil tyna menneski, og set han til å byggja ei ark; i den skal han berga seg og sine og eit par av kvart dyreslag på jordi, 13-22.
1Då no manneætti tok til å aukast på jordi, og dei fekk døtter, 2då såg Guds søner at mannedøtterne var vene, og tok til konor dei som dei kåra seg. 3Då sa Herren: Ikkje skal min Ande døma æveleg hjå menneski; for di dei hev forset seg, er dei kjøt, og dagane deira skal vera hundrad og tjuge år. 4I den tidi var det risar på jordi, og seinare og, av di Guds søner jamleg gav seg i lag med mannedøtterne og fekk søner med dei; det var kjempone, dei namngjetne, som var til fyrr i verdi. 5Og Herren såg at vondskapen var stor hjå manneætti på jordi, og at alt dei tenkte og emna på i hjarto sine, det var berre vondt all dagen.#1 Mos 8,21; Sal 51,7; Matt 15,19; Rom 3,23; 8,7; Ef 2,3 6Då angra Herren at han hadde skapt menneskja på jordi, og han var full av sorg i hjarta. 7Og Herren sa: Eg vil tyna menneskja som eg hev skapt, og rydja henne ut av jordi, både menneske og dyr og krek og fuglane i lufti; for eg angrar at eg hev skapt dei. 8Men Noah fann nåde hjå Herren. 9Dette er soga um Noah og ætti hans; Noah var ein rettvis og ulastande mann millom sine samtidingar; Noah gjekk på Guds veg.#1 Mos 5,24; Hebr 11,7; 2 Pet 2,5 10Og Noah fekk tri søner, Sem og Kam og Jafet.#1 Mos 5,32 11Men jordi vart verre og verre i Guds augo, og jordi vart full av urett. 12Og Gud skoda jordi, og sjå: ho var utskjemd; for alt kjøt hadde skjemt seg ut med si åtferd på jordi. 13Då sa Gud til Noah: Eg hev sett meg fyre at eg vil gjera ende på alt kjøt. For dei hev fyllt upp jordi med urett. Og no vil eg øydeleggja både dei og jordi. 14Gjer deg ei ark av gofertre. Med kovar og kot skal du innreida arki og bræda henne med bek både innan og utan. 15Soleis skal du gjera henne: Tri hundrad alner lang skal arki vera, og femti alner breid, og tretti alner høg. 16Øvst på arki skal du gjera ein glugg som når ei aln ned på veggen. Og døri skal du setja på den eine sida. Du skal gjera arki trihøg, med mange rom i kvar høgd. 17Og eg vil lata storflodi koma med vatn yver jordi og tyna alt kjøt under himmelen som det er livsande i. Alt som er på jordi, skal døy. 18Men med deg vil eg gjera ei pakt, og du skal ganga inn i arki, du og sønene dine og kona di og konone åt sønene dine med deg. 19Og av alt som lever, alt kjøt, skal du taka eitt par av kvart slag med inn i arki, so du held dei i live med deg. Han og ho skal dei vera.#1 Mos 7,2-3 20Av alle slag fuglar og av alle slag dyr og av alt kreket på marki skal par og par koma inn til deg, so dei kann halda liv i seg. 21Og du skal sanka av all den mat som etande er, og samla det til deg; det skal vera til føda for deg og for dei. 22Og Noah gjorde so; han gjorde i alle måtar so som Gud sa han fyre.#Hebr 11,7
હાલમાં પસંદ કરેલ:
1. Mosebok 6: NO1938N
Highlight
શેર કરો
નકલ કરો
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2