Logo YouVersion
Îcone de recherche

Johannes' openberring 21

21
Den nye himmelen og den nye jorda
1Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. #Jes 65,17; 2 Pet 3,13 2Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. #Gal 4,26; Hebr 11,10; 12,22 3Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. #Esek 37,27; Sak 2,14f; 2 Kor 6,16; Op 7,15 4Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»#Jes 25,8; 35,10; 65,19; Op 7,17
5Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» #2 Kor 5,17; Op 4,2+ 6Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. #1,8; Jes 55,1; Sak 14,8; Joh 4,10; 7,37; Op 22,1.17 7Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son. #2 Sam 7,14 8Men dei som er reddhuga og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»#22,15+; 14,10+; 2,11+
Det nye Jerusalem
9Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura, maken åt Lammet.» #15,1; 19,7 10I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud. #Esek 40,2 11Byen hadde Guds herlegdom, og han stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis. 12Han hadde ein stor og høg mur med tolv portar. Ved portane stod det tolv englar, og namna på dei tolv Israels-ættene var skrivne der. #Esek 48,31ff 13Tre portar vende mot aust, tre mot nord, tre mot sør og tre mot vest. 14Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei var det skrive tolv namn, namna på dei tolv apostlane åt Lammet.#Ef 2,20
15Han som tala med meg, hadde ei mælestong av gull; med den skulle han mæla både byen og portane og muren. #Esek 40,3ff; Op 11,1 16Byen var ein firkant, like lang som brei. Og engelen mælte byen med mælestonga: Han var 12 000 stadier lang og like brei og høg. #Esek 48,16f 17Så mælte han bymuren: Han var 144 alner høg etter menneskemål, som òg er englemål. 18Muren var bygd av jaspis, og sjølve byen var av reint gull, lik det klåraste glas. 19Grunnsteinane i bymuren var prydde med alle slag dyre steinar. Den fyrste grunnsteinen var av jaspis, den andre av safir, den tredje av kalsedon, den fjerde av smaragd, #Jes 54,11f 20den femte av sardonyks, den sjette av karneol, den sjuande av krysolitt, den åttande av beryll, den niande av topas, den tiande av krysopras, den ellevte av hyasint, den tolvte av ametyst. 21Dei tolv portane var tolv perler; kvar port var laga av ei einaste perle. Gata i byen var av reint gull, klår som glas.
22Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Gud Herren, Den Allmektige, og Lammet er tempel der. 23Og byen treng ikkje ljos frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er ljoset hans. #Jes 60,19f 24Folkeslaga skal ferdast i ljoset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine. #Jes 60,1ff 25Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der. #Jes 60,11; Op 22,5 26Og alt det verdfulle og herlege som folka har, skal dei føra dit. 27Men noko ureint skal aldri koma inn, og ikkje nokon som fer med heidensk styggedom og lygn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hjå Lammet.#Jes 52,1; Op 3,5+

Surbrillance

Partager

Copier

None

Tu souhaites voir tes moments forts enregistrés sur tous tes appareils? Inscris-toi ou connecte-toi