Johannes' openberring 15
15
Dei sju skålene
(Kap. 15–16)
Songen for Lammet
1Eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: Sju englar med sju plager, som er dei siste, for med dei er Guds vreide fullført. 2Og eg såg noko som likna eit glashav, blanda med eld; og på glashavet såg eg dei stå som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene #4,6; 13,15ff 3og syng lovsongen åt Moses, Guds tenar, som òg er songen for Lammet:#2 Mos 15; Sal 111,2; 5 Mos 32,4; Sal 145,17
Store og underfulle er dine gjerningar,
Herre Gud, du Allmektige.
Rettferdige og sanne er dine vegar,
du konge over alle folkeslag.
4Kven skulle ikkje ottast deg, Herre,
og æra ditt namn?
For einast du er heilag.
Alle folkeslag skal koma
og tilbe for ditt åsyn,
fordi dine rettferdige domar har vorte openberre. #Jer 10,6f; Sal 86,9
Dei sju siste plagene
5Etter dette såg eg at templet i himmelen, vitnemålsteltet, vart opna. #11,19 6Og ut or templet kom dei sju englane som hadde dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa. #15,1; 19,8 7Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med Guds vreide, han som lever i all æve. #4,6ff; 14,10; 16,19 8Då vart templet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i templet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.#2 Mos 40,34ff; 1 Kong 8,10; Jes 6,4
Sélection en cours:
Johannes' openberring 15: NO1978NN
Surbrillance
Partager
Copier
Tu souhaites voir tes moments forts enregistrés sur tous tes appareils? Inscris-toi ou connecte-toi
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2