YouVersion Logo
Search Icon

Mika 7

7
Klage og von
1Ve meg! Det har gått meg så
som når ein haustar ¬inn frukt
og driv med ettersanking ¬av druer:
Det finst ikkje ei drue å eta,
ikkje ein fiken eg har hug på.
2Det finst ingen from meir ¬i landet,
ingen rettvis mellom folk.
Alle ligg dei på lur etter blod,
kvar ein vil fanga sin neste ¬i garnet. #Sal 12,2; 140,6; Hos 4,1
3Dei er glupe til å gjera vondt.
Hovdingane kjem med krav,
og domarane vil ha betaling.
Stormannen set fram ¬sine ynske,
og så snur dei saka som dei vil. #1 Kong 11,1ff; Sal 64,6f
4Den beste av dei ¬er som ein klunger,
den ærlegaste ¬verre enn ein klungerhekk.
Det kjem ein dag ¬for dine vektarar
når du skal krevjast ¬til rekneskap.
Då vert dei redde og rådlause. #Jes 22,5
5Tru ikkje på frenden din,
set ikkje lit til venen din!
Vakta munnen ¬for henne du tek i famn! #Sal 55,13ff; Jer 9,4
6For ein son vanvørder far sin,
ei dotter set seg opp ¬mot mor si,
ei sonekone mot vermor si.
Og ein manns husfolk ¬er hans fiendar. #Matt 10,35f
7Men eg vil speida etter Herren,
venta på Gud som frelser meg.
Min Gud vil høyra meg! #Sal 5,4
Ljos i mørkret
8Gled deg ikkje over meg, ¬min fiende,
for om eg fell, reiser eg meg att.
Og sit eg i mørker, ¬er Herren mitt ljos. #Jes 9,2; Joh 8,12
9Herrens vreide må eg bera
fordi eg har synda mot han,
til dess han tek opp mi sak
og syter for at eg får rett.
Han skal føra meg ut i ljoset,
og eg skal sjå hans rettferd. #7,9 hans rettferd[Jes 51,5; Joel 2,23.]#Sal 43,1; Jer 50,34
10Mine fiendar skal sjå det
og raudna av skam,
dei som sa til meg:
«Kvar er Herren din Gud?»
Eg skal fylgja dei med augo
når dei vert nedtrakka ¬som avfall i gata. #Sal 42,4.11; Joel 2,17
11Ein dag skal dei byggja ¬dine murar
og gjera dine grenser vide. #Jes 26,15; Sal 49,19f
12Den dagen skal dei koma ¬til deg
frå Assur og Egyptarland,
frå Egypt til Eufrat,
frå hav til hav ¬og frå fjell til fjell. #Jes 19,18ff; Mi 4,1f
13Då skal jorda verta ei audn
på grunn av dei som bur der,
og det som dei har gjort. #3,4
Bøn om Israels atterreising
14Vakta folket ditt ¬med staven din,
den flokken ¬som er din eigedom,
som ligg åleine i skogen
med grøderike marker ikring.
Lat dei få beita ¬i Basan og Gilead,
som dei gjorde i gamle dagar. #4 Mos 23,9; 5 Mos 33,28; Jer 50,19; Mi 5,3
15Lat oss få sjå storverk
som då du drog ut or Egypt.
16Folka skal sjå det ¬og skjemmast,
endå så mektige dei er.
Dei må leggja handa ¬på munnen
og stå med døve øyro. #Job 29,9
17Lat dei slikka støv ¬som ormen,
lik dyr som kryp på jorda.
Skjelvande skal dei koma ¬frå sine gøymsler
fram for Herren vår Gud.
Lat dei gripast av redsle ¬og ottast deg! #Sal 72,9; Jes 49,23
Kven er ein Gud som du?
18Kven er ein Gud som du,
som tek bort skuld ¬og tilgjev brot
for resten av sitt eige folk?
Han held ikkje evig fast ¬på vreiden,
for han har hug til miskunn. #2 Mos 34,6f; Sal 103,3.8
19Herren skal atter ¬miskunna oss
og trø våre misgjerningar ¬under fot.
Du skal kasta ¬alle våre synder
ned i havsens djup.
20Så vis då truskap mot Jakob
og miskunn mot Abraham,
så som du høgtideleg lova
våre fedrar i gamle dagar. #1 Mos 12,2; Sal 89,3

Currently Selected:

Mika 7: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in