YouVersion Logo
Search Icon

Mika 6

6
Kva Herren krev
1Høyr kva Herren seier:
Reis deg, ¬før di sak for fjella,
lat haugane høyra di røyst!
2Høyr Herrens klagemål, ¬de fjell,
lyd etter, de faste grunnvollar ¬under jorda!
For Herren har sak ¬med folket sitt,
han går til doms med Israel.
3Mitt folk, kva har eg gjort deg?
Kva har eg trøytta deg med?
Gjev meg svar!
4Eg førte deg opp frå Egypt
og løyste deg ut or trælehuset.
Eg sette Moses, Aron ¬og Mirjam
til å føra deg. #2 Mos 15,20
5Mitt folk, kom i hug ¬kva planar han hadde,
Balak, kongen i Moab,
og hugs det svaret han fekk
av Bileam, son til Beor,
på vegen frå Sjittim til Gilgal,
så du kan skjøna
Herrens frelsesgjerningar. #4 Mos 22,5ff.18; 23,8; 24,5ff; 25,1; Jos 24,9f
6Kva skal eg ha med
når eg stig fram for Herren
og bøyer meg for Gud ¬i det høge?
Skal eg koma til han ¬med brennoffer,
bera fram årsgamle kalvar? #Jes 1,11
7Bryr Herren seg om verar ¬i tusental,
om oljebekker i titusental?
Skal eg ofra min fyrstefødde ¬for mitt brot,
mi livsfrukt for mi synd?
# 6,7 oljebekker store mengder av olje som vart ofra. # Sal 50,13
8Herren har då sagt deg, ¬menneske,
kva godt er,
og kva han krev av deg:
At du skal gjera rett,
visa trufast kjærleik
og ferdast audmjukt ¬med din Gud. #5 Mos 10,12
Domen over Jerusalem
9Høyr, Herren ropar til byen!
– Å ottast ditt namn ¬er visdom. –
Høyr, du ætt og byforsamling!
10Har den vonde enno i sitt hus
skattar samla på urett vis,
og ein snau, forbanna efa? #3 Mos 19,36
11Kan eg vera rein med urett vekt
og falske vektlodd i pungen?
12Rikmennene dine ¬gjer valdsverk,
borgarane dine fer med lygn,
ei svikefull tunge ¬har dei i munnen.
13Men eg vil ta til å slå deg,
øydeleggja deg ¬for dine synder. #3 Mos 26,18
14Du skal eta og ikkje verta mett,
tom skal du kjenna deg.
Det du legg til sides, ¬skal du ikkje berga,
og det du bergar, ¬gjev eg til sverdet. #3 Mos 26,25f
15Du skal så, men ikkje hausta,
pressa oliven, men ikkje ¬salva deg med olje,
pressa druer, ¬men ikkje drikka vin. #5 Mos 28,38ff
16Du har fylgt Omris skikkar
og bore deg åt som Akabs ætt.
Etter deira råd har de vandra.
Difor vil eg leggja deg i øyde
og gjera borgarane dine ¬til spott,
og vanæra over folket mitt ¬må de bera. #1 Kong 16,25.29f

Currently Selected:

Mika 6: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy