YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 6

6
Tolmod i tenesta
1Som hans medarbeidarar legg vi dykk på hjarta at de ikkje til unyttes må ta imot Guds nåde. 2For han seier:#Jes 49,8
I rette tid bønhøyrde eg deg,
på frelsesdagen hjelpte eg deg.
Sjå, no er den rette tid, no er frelsesdagen! 3Og vi vil ikkje gje menneske grunn til å støyta seg på noko, så tenesta ikkje skal verta spotta. 4I alt viser vi oss som Guds tenarar: med tolmod i trengsler, i naud og i angst, #1 Kor 4,9ff+ 5under slag, i fengsel og i opprør, i hardt arbeid, i nattevòke og svolt. 6Vi går fram med reinleik og visdom, med langmod og godleik, i Den Heilage Ande, med kjærleik utan svik, 7med sannings ord og i Guds kraft, med rettferds våpen i høgre og venstre hand, #Ef 6,11ff 8i ære og vanære, om vi får lastord eller lovord. Dei seier at vi fører folk vilt, men vi talar sant, 9vi er ukjende, men kjende av alle, vi er døyande, og sjå, vi lever! Vi vert slegne, men ikkje ihelslegne, #Sal 118,18; 2 Kor 4,10f 10vi syrgjer, men er alltid glade, vi er fattige, men gjer mange rike, vi har ingen ting, men eig alt.#7,4
11Vi har tala rett ut til dykk, korintarar, de har stort rom i hjarta vårt. #7,3 12De har det ikkje trongt hjå oss; det er i dykkar hjarta det er trongt. 13Men gjev oss likt for likt – eg talar som til born: Vidka de òg ut hjarto dykkar!
Den levande Guds tempel
14Gå ikkje i framandt åk med vantruande! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva samfunn har ljos med mørker? #5 Mos 22,10; Ef 5,7.11 15Korleis kan Kristus og Beliar semjast? Kva sameinar ein truande og ein vantru? #6,15 Beliar jødisk namn på djevelen. #1 Kor 10,21 16Korleis kan Guds tempel og avgudane forlikast? For vi er den levande Guds tempel. Gud har då sagt:#1 Kor 3,16+; 3 Mos 26,11f; Esek 37,27
Eg vil bu og ferdast mellom dei;
eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
17Difor seier Herren:#Jes 52,11; Jer 51,45; Op 18,4
Dra bort frå dei,
og skil dykk frå dei,
ikkje rør noko ureint!
Då vil eg ta imot dykk;
18eg vil vera ein far for dykk,
og de skal vera mine søner ¬og døtrer,
seier Herren, Den Allmektige. #2 Sam 7,14; Jer 31,9

Currently Selected:

2. Korintar 6: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in