YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 5

5
1For vi veit at om vår lekams jordiske hus vert nedrive, så har vi i himmelen ein bygning som er av Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender. #Job 4,19; 2 Pet 1,13f 2Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å verta overkledde med vår bustad frå himmelen. #5,2 overkledde med den nye lekamen etter oppstoda. #Rom 8,23 3For når vi er kledde i den, skal vi ikkje verta ståande nakne. 4Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi vil ikkje verta avkledde, men overkledde, så det døyelege kan verta gløypt av livet. #1 Kor 15,53 5Den som har gjort oss budde til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant. #1,22+ 6Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren. #Hebr 11,13 7For vi ferdast i tru, ikkje i syn. #1 Kor 13,12 8Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå lekamen og heim til Herren. #Fil 1,23 9Difor, anten vi er heime eller borte, set vi vår ære i å vera han til hugnad. 10For vi skal alle fram for Kristi domstol, så kvar kan få att for det han har gjort medan han var i lekamen, anten godt eller vondt.#Rom 14,10+
Forsoningstenesta
11Fordi vi kjenner otten for Herren, prøver vi å vinna menneske, medan livet vårt ligg ope for Gud. Eg vonar òg at det ligg ope for dykkar samvit. #4,2 12Vi kjem ikkje atter til dykk med lovord om oss sjølve, men vi gjev dykk høve til å rosa dykk av oss, så de kan ha noko å svara dei som skryter av det dei er i det ytre og ikkje i hjarta. #3,1 13For har vi vore frå vitet, så var det for Gud. Og er vi med sans og samling, så er det for dykk. #11,16; 12,11 14For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt. 15Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.#Rom 14,7f; 1 Tim 2,6
16Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger. 17Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. #Gal 6,15; Ef 4,24 18Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. #Rom 5,10 19Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. #Rom 3,24f; Kol 1,19f 20Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud! #Jes 52,7; Luk 10,16 21Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.#Rom 1,16f; 8,3+; 1 Pet 2,22.24

Currently Selected:

2. Korintar 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy