YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 4

4
Skatten i leirkar
1Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. 2Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. #2,17; 1 Tess 2,3ff 3Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. #1 Kor 1,18 4For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. #4,4 denne verdsens gud djevelen.#Ef 2,2; Kol 1,15+ 5Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. #1,24 6For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.#1 Mos 1,3; Jes 9,1f
7Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. #12,9 8Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, #1 Kor 4,9ff+ 9forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. #Rom 8,36; 1 Kor 4,9; 15,31 12Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. #Sal 116,10 14For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. #Rom 8,11+ 15Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.#1,6.11
Tru og von
16Difor misser vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så vert det indre fornya dag for dag. #Ef 3,16 17Dei noverande trengslene er lette, og dei skaper for oss ein evig rikdom på herlegdom som er mykje, mykje større. #Matt 5,12; Rom 8,18 18Vi har ikkje det synlege for augo, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.#Rom 8,24f; Hebr 11,1.3

Currently Selected:

2. Korintar 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy