YouVersion Logo
Search Icon

Sefanja 3

3
Profeten skildrar syndelivet og ubotferdigskapen i Jerusalem, serleg hjå førarane åt folket, og det trass i dei tallause og klåre vitnemål som Herren både i ord og gjerning hev bore fram um si rettferd og sitt hat til syndi, 1-7. Difor vil Herren senda ein stor straffedom yver alle folk; det skal dei truande venta på, for di Herren med det vil umvenda heidningane og siden bruka dei umvende heidningane til å føra sitt folk attende til seg; so skal det av alle folkeslag på jordi og av Israels leivning verta ein heilag lyd, og Herren, Israels konge, vil bu midt i lyden, til frelsa, frygd og helging for han, 8-20.
1Usæl han, den trassige og ureine, byen som er so full av vald! 2Han høyrer ikkje på røysti åt nokon, tek ikkje tukt. På Herren lit han ikkje, til sin Gud held han seg ikkje nær. 3Hovdingane der inne er burande løver, domarane er som ulvar um kvelden; dei leiver inkje til morgondagen.#Esek 22,27; Mi 3,11 4Profetane hans er skrythalsar, trulause menner; prestane vanhelgar det heilage, gjer vald mot lovi.#Jer 23,11.16-17.32; Esek 22,26 5Herren råder med rettferd der, han gjer ikkje urett. Kvar morgon let han sin dom koma fram i ljoset, det glepp ikkje. Men den urettferdige kjenner ikkje skam.#5 Mos 32,4; Hos 6,5; Jer 25,3-11 6Eg hev øydt ut heidningfolk, deira murtindar vart nedbrotne. Eg gjorde gatone deira aude, so ingen ferdast på dei; byane deira vart herja, so det ikkje finst folk, ikkje bur nokon der. 7Eg sa: Berre du vil ottast meg, taka tukt, so skal bustaden din ikkje verta øydelagd, ikkje noko henda av det eg hev sett meg fyre imot deg. Men dei hev tvert um lagt vinn på å lata alle sine gjerningar vera illverk.#Sef 3,1-2#3,7 du Jerusalem. 8Difor, bia på meg, segjer Herren, på den dagen eg ris upp og vil taka herfang! For det er min dom at eg samlar heidningfolk og stemner saman kongerike, renner ut harmen min yver dei, all min brennande vreide; for elden av min brennhug skal øyda heile jordi.#Sef 1,18 9For då vil eg gjeva folki nye, reine lippor, so dei alle kallar på Herrens namn og samlyndte tener han.#Jes 6,5 10Frå landet burtanfor elvane i Etiopia skal dei føra mine tilbedarar, mitt spreidde folk, til meg til offergåva.#Jes 66,20 11På den dagen tarv du ikkje meir skjemmast ved alle gjerningane som du synda imot meg med; for då vil eg rydja burt hjå deg dei som jublar so stolt i deg, og du skal ikkje meir gjera deg stor på mitt heilage fjell.#Esek 16,50 12Men eg vil leiva i deg eit audmjukt og armt folk, og dei skal lita på Herrens namn.#Matt 5,3-4; Jes 57,15#3,12 folk Es. 57,15. 13Israels leivning skal ikkje gjera urett; dei skal ikkje tala lygn, og det skal ikkje finnast svikfull tunga i deira munn; for dei skal beita og liggja i ro, utan at nokon skræmer dei.#Jes 11,9; 3 Mos 26,5-6; Mi 7,14 14Jubla, du Sions dotter! Lyft upp fagnadrop, Israel! Gled deg og frygda deg av alt ditt hjarta, Jerusalems dotter!#Sak 9,9 15Herren hev vend straffedomane ifrå deg, rudt fienden or vegen. Herren, Israels konge, er hjå deg, du skal ikkje meir sjå noko vondt.#Jes 41,10; 43,1; Esek 48,35 16På den dagen skal det seigjast til Jerusalem: Ottast ikkje, Sion, lat ikkje hendene siga! 17Herren din Gud er hjå deg, ei kjempa som kann frelsa. Han gleder seg yver deg med fagnad, han tegjer i sin kjærleik, han jublar i frygd yver deg.#Jes 12,6; Sak 2,9 18Eg samlar dei som med sorg hev vore utestengde frå høgtidsstemnone - dei er frå deg, vanæra tyngjer på dei.#Sal 42,2-6; 137,1-4; Klag 1,4 19Sjå, i den tidi vil taka på trælkarane dine, og eg vil frelsa dei halte og sanka saman dei burtdrivne og gjera dei til æra og gjetord yver heile jordi, der dei fyrr var vanæra.#Esra 6,12; Mi 4,6; 5 Mos 26,19 20I den tidi let eg dykk koma heim att, i den tidi sankar eg dykk; for eg vil gjera dykk til gjetord og æra millom alle folk på jordi, når eg gjer ende på fangetidi dykkar for augo på dykk, segjer Herren.#Esra 1,2-4; 5 Mos 30,3-10; Jer 29,14; 30,3; Hos 6,11; Sef 2,7

Currently Selected:

Sefanja 3: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in