YouVersion Logo
Search Icon

Haggai 1

1
Haggai, som var profet i den tidi Darius Hystaspis var konge i Persia, refser dei jødane som hev kome heim att frå Babel, for di dei hev bygt hus åt seg sjølve, medan dei let Herrens tempel liggja ubygt, 1-4; han syner at deira arbeid difor ikkje vert velsigna av Herren, 5-6, og manar dei til å taka til å byggja på templet att, 7-11. Dei gjer det, 12-15.
1I andre styringsåret åt kong Darius, fyrste dagen i sette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sealtielsson, jarl yver Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde so:#Sak 1,1; Esra 5,1-2; Matt 1,12 2So segjer Herren, allhers Gud: Dette folket segjer: Det er ikkje endå tid til å koma, tid til å byggja Herrens hus. 3So kom då Herrens ord ved profeten Haggai: 4Er det då tid for dykk sjølve å bu i dykkar bordklædde hus, medan dette huset ligg i øyde?#2 Sam 7,2 5Og no segjer Herren, allhers Gud, so: Akta på korleis det gjeng dykk! 6De sår mykje, men fær lite i hus; de et, men vert ikkje mette; de drikk, men sløkkjer ikkje torsten; de klæder dykk, men ingen vert varm; leigetenaren fær si løn i ein botnelaus pung.#5 Mos 28,38-42; 3 Mos 26,26; Hos 4,10; Mi 6,15 7So segjer Herren, allhers Gud: Akta på korleis det gjeng dykk! 8Far til fjells og henta timber og bygg upp templet, so eg kann hava hugnad i det og syna meg herleg, segjer Herren.#Esra 3,7; Hag 2,9 9De vonar mykje og vinn lite, og når de ber det i hus, so blæs eg det burt. Kvifor? segjer Herren, allhers Gud. Jau, for mitt hus skuld, av di det ligg i øyde, medan de sjølve hev det annsamt kvar med sitt hus. 10Difor hev himmelen meinka dykk dogg og jordi meinka dykk grøda.#3 Mos 26,19-39; 5 Mos 28,23-28; 1 Kong 17,1 11Eg hev kalla turk yver land og fjell, yver korn og druvesaft og olje og alt som gror på marki, yver folk og fe og all dykkar arbeidsvinning.#Hag 2,17; Am 4,9 12Serubabel Sealtielsson og Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og alt det som var att av folket, lydde på Herren sin Gud og ordi frå profeten Haggai, av di Herren deira Gud hadde sendt han; og folket bar age for Herren. 13Og Haggai, Herrens sendebod, bar fram Herrens bod til folket: Eg er med dykk, segjer Herren.#Hag 2,4 14Og Herren kveikte hugen hjå Serubabel Sealtielsson, jarlen yver Juda, og hjå Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og hjå alle dei som var att av folket, so dei la i veg og arbeidde på huset åt Herren deira Gud, allhers Gud; 15det var den fire og tjugande dagen i sette månaden i andre styringsåret åt kong Darius.

Currently Selected:

Haggai 1: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in