YouVersion Logo
Search Icon

Haggai 2

2
Profeten trøystar og styrkjer Serubabel, Josva og folket med di han forkynner dei at Herren vil vera med dei, og at dette andre templet etter store umsnuingar millom folki skal verta mykje rikare og herlegare enn det fyrste - ein lovnad som peikar fram mot Messias-tidi og vart uppfyllt då Messias stod fram i det nye templet si tid, 1-9. Herren hev hittil straffa folket for di det hev tét seg som eit ureint folk trass i ofringane sine, men frå no av, då dei med ærleg hug hev teke til med tempelbyggjingi, vil han velsigna dei, 10-19. Til slutt forkynner profeten at Herren i dei komande umsnuingane vil vara Serubabel (Davids etterkomar; av hans ætt skulde Messias koma), 20-23.
1Den ein og tjugande dagen i sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde so: 2Tala til Serubabel Sealtielsson, jarlen i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og til det som er att av folket: 3Finst det endå nokon attlevande millom dykk som hev set dette huset i sin fyrre herlegdom? Og kva tykkjer de um det no? Er det ikkje for augo dykkar som inkjevetta?#Esra 3,12 4Men ver hugheil no, Serubabel, segjer Herren, ver hugheil, Josva Jehosadaksson, du øvsteprest, ver hugheilt, alt folket i landet, segjer Herren, og arbeid! For eg er med dykk, segjer Herren, allhers Gud.#Hag 1,13 5Den pakti eg gjorde med dykk då de for ut or Egyptarland, skal standa ved lag, og min Ande skal bu millom dykk. Ver ikkje redde!#2 Mos 19,5-6; Jes 63,11 6For so segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong, um eit lite bel, skal eg skaka himmel og jord og hav og land.#Hag 2,21; Hebr 12,26 7Eg skal skaka alle folki og, so dei dyraste eignelutene frå alle folki skal koma hit, og eg skal fylla dette huset med herlegdom, segjer Herren, allhers Gud.#Jes 60,5.11 8Sylvet er mitt, og gullet er mitt, segjer Herren, allhers Gud. 9Dette siste huset skal verta herlegare enn det fyrre, segjer Herren, allhers Gud; og på denne staden vil eg gjeva fred, segjer Herren, allhers Gud.#Mal 3,1 10Den fire og tjugande dagen i niande månaden i andre styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde so: 11So segjer Herren, allhers Gud: Spør kva prestane lærer um dette: 12Um ein mann ber heilagt kjøt i klædesnippen og so med snippen kjem nær noko brød eller kokemat eller vin eller olje eller anna etande, vert då det heilagt? Prestane svara nei. 13So spurde Haggai: Men um ein hev vorte urein av eit lik og so kjem nær noko av dette, vert det då ureint? Prestane svara ja.#4 Mos 19,11 14Då tok Haggai til ords og sa: Soleis er det med denne lyden, og soleis er det med dette folket i mine augo, segjer Herren, og like eins med alt det deira hender gjer; og det dei ofrar der, det er ureint.#Esra 3,3#2,14 der, på altaret; Esr. 3,3. 15Gjev no gaum på tidi frå i dag og attende, fyrr de tok til og la stein på stein i Herrens tempel!#Hag 1,5-6 16Når einkvan i den tidi kom til ein dunge med kornband som han tenkte skulde gjeva tjuge mål, so fann han berre ti; når einkvan kom til vinpersa og vilde ausa upp femti spann, so fekk han ikkje meir enn tjuge. 17Eg søkte dykk med moldaks og rust og haglver yver alt dykkar arbeid, og endå vende de ikkje um til meg, segjer Herren.#Hag 1,11; 5 Mos 28,22; Hos 7,10; Am 4,6-11 18Men gjev gaum no på tidi frå i dag og attende, frå fire og tjugande dagen i niande månaden alt til den dagen då Herrens tempel vart tufta! Gjev gaum!#Hag 2,10; Esra 3,10 19Finst det enno att noko sæde i kornburet? Endå hev korkje vintreet eller fiketreet eller granatapalen eller oljetreet bore noko! Men frå i dag skal eg velsigna. 20Andre gongen kom Herrens ord åt Haggai den fire og tjugande dagen i månaden, og det lydde so:#Hag 2,10 21Seg til Serubabel, jarlen yver Juda: Eg skal skaka himmel og jord;#Hag 2,6-7 22eg skal velta i koll kongsstolane og tyna veldet åt dei heidne kongeriki; eg skal velta stridsvognene og dei som stend på dei, og hestane skal stupa, og ridarene med; den eine skal falla for sverdet åt hin. 23Den dagen, segjer Herren, allhers Gud, tek eg deg, Serubabel Sealtielsson, du min tenar, og gjer deg til ein seglring; for deg hev eg valt ut, segjer Herren, allhers Gud.#Jer 22,24; Høgs 8,6; Matt 1,12-13; Luk 3,27

Currently Selected:

Haggai 2: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in